Hopp til innhold

Bergensskip kapra utafor Somalia

Skipet «Bow Asir», som er ute på oppdrag for Bergensrederiet Odfjell, er kapra av piratar.

Det skal vera ein norsk offiser om bord i skipet, stadfestar Haugesunds-selskapet Salhus Shipping som eig båten.

Ifølge Rederiforbundet er det den norske offiseren som òg er kaptein om bord. Så langt er det ingen ting som tydar på at nokon er skadd i kapringa.

- Nytt område for kapring

Administrerande direktør i Odfjell, Terje Storeng, er uroleg over at piratane ser ut til å operera i eit nytt område, langt til havs. «Bow Asir» var på veg inn til Mombasa i Kenya då det blei kapra.

- Det er nytt for oss at kapring skjer i dette området. Så vidt me kan skjøna har skipet fulgt anbefalt seglingsleid.

- Me må vurdera korleis me skal forholda oss til dette området i framtida, seier Storeng til NRK Hordaland.

Piratar med maskingevær

Salhus Shipping fekk torsdag morgen melding av kapteinen av skipet om at to små båtar jaga dei. Klokka 8.45 fekk dei ein telefon frå kapteinen om at piratane hadde gått om bord i skipet, og at dei byrja å ta over kontrollen. Klokka 8.50 mista dei all telefonkontakt med skipet.

Klokka 11.45 fekk Salhus shipping ein epost som stadfesta at piratane har tatt kontroll over skipet. Det skal vera 16-18 piratar om bord, alle bevæpna med maskingevær.

M/V "Bow Asir" (Tidlegare NCC Asir)

Dette skipet, ute på oppdrag for Bergensrederiet Odfjell, blei i dag kapra av 16-18 piratar utafor Somalia.

Foto: Tord Avsnes Sæle / Odfjell

Kjemikalietankaren er ute på oppdrag for Bergensrederiet Odfjell, og er registrert i Bahamas. Skipet er lasta med olje og kjemikaliar.

Den 158 meter lange oljetankaren blei kapra 400 kilometer utafor Kismaayo, ifølge Maritime Security Centre.