Har du vore fulltidspolitiker i Bergen så treng du neppe telle pengane dine når du blir pensjonist. Du får nemlig fulle pensjonsrettar etter berre 16 år i arbeid. Du kan pensjonere deg som 65-åring, ikkje 67 som andre kommunalt tilsette, og har rett på ein pensjon som utgjer 66 prosent av sluttlønna.
Ordførar Herman Friele har til dømes ei årslønn på 666 tusen kroner, og kan få 440 tusen kroner i året frå Bergen kommune som pensjonist.
Eit undøvendig privelegie
Det gir inga meining at topp-politikarane skal ha ein slik superpensjon.
Det seier Torstein Dahle, siviløkonomen som er RV sin gruppeleiar i bystyret i Bergen.
Han meiner tida er overmoden for å avvikle ordninger som gjer folk høgt på strå betre betingelser enn andre.
Pensjonsordninga er for god
Det er dei fem i byrådet og dei sju fulltidstilsette i bystyret som får superpensjonen. Og byrådsleiar Monica Mæland er enig med Torstein Dahle - pensjonsordninga er for god.
Mæland seier ho ikkje var klar over at ordninga var så god som den er. Ho meiner at alle må bidra i pensonsdebatten.
Ho seier at dei som har for gode ordninger må sei dei frå seg og at politikarane må gå froan og vise veg.