Spesialeininga for politisaker opplyser til Bergensavisen at dei fekk ei melding knytt til bortlegginga i oktober.
– Meldinga knyter seg til om det er utvist grov uforstand i
tenesta i det saka i samband med ordføraren vart lagt bort utan at det vart sett i verk etterforsking, opplyser Ellen Eikeseth Mjøs, leiar for Spesialeininga på Vestlandet.
På grunn av stor oppdragsmengde er det enno ikkje avgjort om det
skal setjast i gang etterforsking på bakgrunn av meldinga.
Påtaleansvarleg Ole Bjørn Mevatne, som la bort saka, kjenner ikkje til meldinga.
– Eg vil ikkje seie no om det var feil å legge bort saka. Eg vil eventuelt ta dette direkte med Spesialeininga, seier han.
Trude Drevland (H) er sikta for grov korrupsjon i den såkalla cruise-saka i Bergen. Saka mot ordføraren vart i sommar lagt bort etter berre to arbeidsdagar, men vart teken opp att i september etter beskjed frå statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen.