Hopp til innhold

Bergensarane hyllar brannvesenet

Mange frykta det verste då det braut ut brann i Bergen seint torsdag kveld. Men redningsmannskapa var raskt på plass og hindra ein stor bybrann.

Created by InfoDispatcher

– Brannvesenet og politiet jobbar framleis utretteleg i brannområdet. Innsatsen frå redningsmannskapa har vore heilt fantastisk, seier nabo Marte Finnevolden til NRK.

Ho var klar til å legge seg for kvelden då ho plutseleg merka veldig røyk og ekstreme flammar som stod opp frå nabobygget.

– Eg har aldri opplevd noko liknande før. Eg stod ute i berre morgonkåpa. Det skal bli vanskeleg å sove i natt.

Laster Twitter-innhold

Såg mann hoppe frå tak

Finnevolden vart saman med fleire naboar vitne til mannen som var i desperat naud på taket av det brennande huset. Naboar ila til for å hjelpe mannen dei mange meterane ned til gateplan.

– Han var tvilande til å hoppe, men han kom etter kvart ned. Det såg ikkje behageleg ut og han var tydeleg i sjokk.

Laster Twitter-innhold

Hyllar brannvesenet

Nabo Ingeborg Ekeland var ei av dei som også opplevde dei mange påtente brannane tilbake i 2013. Ho frykta det verste då flammane igjen tok tak i eit hus i gata hennar.

– Men det blir ikkje skummelt når vi ser kor effektive brannvesenet jobbar og er på plass. Dei har gjort ein fantastisk jobb. Det er berre å sei tusen takk!, seier Ekeland då ho møter NRK i smauet etter at brannvesenet har fått kontroll.

– Redningsmannskapa passa på oss heile tida. Ein stor takk til dei for det, avsluttar nabo Marte Finnevolden til NRK.

Laster Twitter-innhold