Hopp til innhold

Bergen vil ikkje lære av Paris

SV-leiar Audun Lysbakken meiner restriksjonar på bilbruk bør kombinerast med gunstig kollektivtransport. – Ikkje hensiktsmessig, svarar miljøbyråden i Bergen.

Danmarksplass

KOMPENSERE FOR DATOKØYRING: Når det er for dårleg luftkvalitet i Bergen, kan ein innføre tiltaksplan for datokøyring. Når Paris innføre datokøyring, kompenserer dei ved å setje i verk ei rekkje tiltak for dei som er råka.

Foto: Jørgen Eide

Etter fleire dagar med nøling, bestemte franske styresmakter seg å innføre krisetiltak for å avgrensa trafikken i Paris for to veker sidan. Grunnen var at Paris lir av mykje forureining, så styresmaktene sat inn tiltak for å redusere nivåa.

Det var berre bilar med oddetalsskilt som fekk lov å køyre. Rundt 1000 politimenn vart mobilisert for å sikre at tiltaka vart gjennomført, skriv avisa Le Monde.

Tilbyr gratis kompensasjon

For å kompensera for forbodet som enkelte hadde fått mot å køyre, og meir generelt for å stimulere folk til å ikkje bruke bil, så sat bystyret i Paris i verk ei rekkje tiltak:

Forurensning Paris

MYKJE FORUREINING: Eiffeltårnet i Paris blir sett gjennom smog. Forureininga over den franske hovudstaden er på høge nivå.

Foto: Christophe Ena / Ap
  • Gratis parkering dei ein bur
  • Gratis parkering for framkomstmiddel med køyreforbod
  • Gratisbillett for ein dag med bysykkel
  • Kommunal transport (metro, bus, trikk og tog) er gratis innanfor gjeldande sone og så lenge forbodet varer

Ingen gratis tilrettelegging

I Bergen har ein tiltaksplan for datokøyring som skal bli vurdert når 5-dagarsvarselet viser sannsynet for dårleg luftkvalitet i ein periode over tre dagar. Bilar med partal til slutt i registreringsnummeret kan då ikkje køyre på oddetalsdatoar, og omvendt.

I 2010 vart det gjennomført datokøyring i Bergen. Då vart det sett inn fleire avgangar i rushtida på ekspressbussrutene, men med normal takst. Noko tilrettelegging for gratis kollektivtransport, var det ikkje snakk om.

– Når lufta blir giftig er det naudsynt med tiltak, men det bør kombinerast med å gjere det meir gunstig å reise kollektivt.

Audun Lysbakken

Ulike reguleringar

Bergen skal innføre køprising, for å regulere kapasiteten i vegsystemet ved å spreie trafikken i tid. Gjennom ei avgift på bilreiser i rushtida skal bilistane bli konfrontert med dei reelle samfunnsøkonomiske kostnadane ved kvar enkelt reise.

  • 19 kroner for vanlege passeringar
  • 45 kroner for passering i rushtida

For å avgrense bruk av privatbil inn til Bergen er det lagt til rette for parkering for kollektivreisande på utvalde stadar i nærliggjande bydelar og kommunar. Men her er dei fleste av parkeringsplassane berre opne for dei reisande som har periodebillett og parkeringsoblat.

Om du då vel å la bilen stå, må du betale full pris for å bruke kollektivtilboda.

Dette kan sjåast på som at i Bergen nyttar ein berre «pisk», medan i Paris gjennomfører dei tiltak og leggje til rette ved å kompensera med «gulrot».

Giftlokket i Bergen er synlig fra oven

GIFTLOKK: Giftlokket i Bergen kjem tilbake med jamne mellomrom – og lite tyder på at det vil slutte dei neste åra.

Positive til restriksjonar

Harald Aas, kommunikasjonsleiar i Transportøkonomisk institutt, meiner at dess fleire positive tiltak eller verkemiddel ein set i verk, dess lettare er det at bilistane blir positiv til restriksjonane.

– Om ein skal få aksept for harde verkemiddel, som datokøyring, så er det gunstig å ha nokre gulrøter. Som til dømes å gjere kollektivtransport gratis, seier Aas.

Han meiner det er viktig at når ein innfører eit forbod, at ein og sørgjer for at samfunnshjula ikkje stoppar opp.

Inspirasjon frå Paris

Audun Lysbakken, leiar i Sosialistisk Venstreparti, meiner at dømet frå Paris er ein inspirasjon.

Audun Lysbakken

INSPIRASJON: Leiar i Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, meiner at dømet frå Paris er ein inspirasjon.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Når lufta blir giftig er det naudsynt med tiltak som legg restriksjonar på bilbruk, men det bør kombinerast med å gjere det meir gunstig å reise kollektivt, seier Lysbakken.

– Diverre er fleirtalet på Stortinget, lite villig til å ta i bruk desse verkemidla. Det er å svikte alle dei som får helseplager av dårleg byluft, legg Lysbakken til.

Kven skal bere byrda?

Det kostar å setje inn gratis kollektivtransport. Politikarane må difor vege opp kostnadane i kompensasjonen i forhold til effekten.

– Er det ein unntakstilstand, så bør kommunen vurdere om dei bør kompensere med gratis kollektivtransport til dei som er råka, eller om det er bilistane sjølv som bør ta støyten, seier Aas.

– Paris understrekar kor alvorleg dei meiner det er, og tilbyr difor gratis tenester, seier Aas.

– Ikkje hensiktsmessig

Henning Warloe

IKKJE HENSIKTSMESSIG: – Personleg trur eg ikkje eit gratis kollektivtilbod er hensiktsmessig, seier byråd for byutvikling, klima og miljø, Henning Warloe.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Byråd for byutvikling, klima og miljø Henning Warloe ser ikkje opp til måten Paris gjer det på ved å tilby gratis kollektivtilbod.

– Personleg trur eg ikkje eit gratis kollektivtilbod er hensiktsmessig. Det vil sannsynlegvis føre til total kollaps og overbelastning, om ikkje kapasiteten kan auka kraftig, seier Warloe.

Ineffektiv middel

Professor Johannes Mauritzen frå Noregs Handelshøgskule, slaktar heile datakøyringsinitiativet, då det har vist seg at datokøyring har vore eit kortvarig og ineffektiv middel.

– I byar som har innført datokøyring, har mange kjøpt seg ein ekstra bil. Den er ofte billigare og med meir utslepp, seier Mauritzen.