Hopp til innhold

Kvar fjerde nye koronasmitta er tenåring. No strammar Bergen inn

Ein fjerdedel av alle nye smitta i Bergen er tenåringar. No blir det innført munnbind på vidaregåande skular for første gong.

Linus Toft Iversen

POSITIV: Linus Toft Iversen er elev på Amalie Skram vidaregåande skule. Han håpar at elevane følgjer anbefalingane.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Eg forstår det godt. Eg er eigentleg overraska over at det ikkje har blitt innført tidlegare, seier Linus Toft Iversen.

Han går i fyrste klasse på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen, og har tatt på seg munnbind på veg ut av skulen.

Det skjer etter at Vestland fylkeskommune no for første gong rår vgs-elevar til å bruke munnbind når dei ikkje er i klasserommet.

– Ein har ein ekstra uro med tanke på smitten i Bergen. Då er det viktig å vurdere tiltak, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland.

Linus Toft Iversen, Jonas Thowsen Harloff, Andreas Vestbøstad og Vitaly Kovalov

MUNNBIND PÅ VIDAREGÅANDE SKULAR: (Frå venstre) Linus Toft Iversen, Jonas Thowsen Harloff, Andreas Vestbøstad og Vitaly Kovalov smiler breitt bak munnbindet.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Anbefalinga kjem like etter byrådet i Bergen kom med strenge tiltak retta mot barn og unge.

Mellom anna betyr det stans av innandørs idretts- og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år.

Skuleelev Iversen meiner munnbindanbefalinga er riktig veg å gå ettersom talet på smitta i aldersgruppa 13 til 19 har vore høgare enn andre aldersgrupper den siste tida.

– Eg håpar at elevar kjem til å bruke munnbind i fellesareal sjølv om det berre er anbefalt, seier førsteklassingen.

Tidlegare har det ikkje vore snakk om munnbind på dei vidaregåande skulane. I staden var hausten og vinteren prega av digital undervisning, og undervisning på raudt nivå.

70.000 munnbind på plass

Bergen er førebels den einaste vestlandskommunen som har denne anbefalinga. Fleire skular Austlandet opererer med same tiltak, mellom anna i Innlandet.

Etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) blei bruk av munnbind lagt inn som ei tilråding i den nye rettleiaren for vidaregåande skular.

Rektor ved Amalie Skram vidaregåande skule, Lars Berntsen, seier administrasjonen kasta seg rundt for å få tak i nok munnbind til då skuledagen starta.

– Me fekk beskjed i går kveld, og fekk levert til alle lærarkontor før dei kom på jobb i dag, seier Berntsen.

Amalie Skram har om lag 1000 elevar, og over 120 tilsette. Det vil med andre ord gå ein del munnbind viss alle ynskjer å bruke det.

Skulen har til no fått tilsendt over 70.000 munnbind som lærarar og elevar kan forsyne seg av.

Egil Bovim

ERSTATTAR IKKJE TILTAK: Assisterande smittevernoverlege, Egil Bovim, er redd for at folk skal slappe for mykje av med munnbind.

Foto: Anne B. Vassbotn, KoKom

Anbefaling, ikkje påbod

– Me trur at det er riktigare å køyre ei anbefaling når me ser at det ikkje har 100 prosent effekt, seier assisterande smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim.

Bovim er redd for at munnbind og massetesting gjer at elevar tek for lett på dei andre gjeldande smittevernreglane.

– Med munnbind må du framleis halde avstand, og har du symptom skal du halde deg heime. Andre smittevernstiltak må vera på plass i tillegg til munnbindet, seier Bovim.

Fylkesdirektør Lyngedal utelukkar ikkje at det kan bli ei anbefaling i andre kommunar òg.

– Det er den enkelte kommunen som vurderer om det er behov for å bruke munnbind. Blir det smitte andre plassar tenker eg at dei innfører dei same tiltaka, seier Lyngedal.

Bjørn Lyngedal

INNFØRER MUNNBINDANBEFALINGAR: Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.

Foto: Valentina Baisotti / NRK