Hopp til innhold

Bergen lufthamn open igjen etter store snømengder

– Vi har hatt alt av personell til pumpene for å halde snøen unna, seier lufthamndirektør Helge Eidsnes.

Flesland
Foto: Anette Berentsen / NRK

Bergen lufthamn er open att etter at det har komme store snømengder utover søndagen.

– Rullebanen er opna att. No går trafikken. Det vil bli forseinkingar ut over kvelden, som følgje av etterslepet, seier Eidsnes til NRK.

Han kan ikkje love at dei ikkje må stenge igjen.

– Kjem det meir snø kan det vere at vi må ha kortare stengingar. Vi må ha ein god og trygg rullebane for å ta ned og sende av garde fly.

Det store snøfallet har prega trafikken.

– Det har vore nokre kanselleringar, nokre omdirigeringar og nokre forseinkingar, seier Eidsnes.

Han tilrår reisande om å møte opp som normalt.

Meteorologisk institutt sende i føremiddag ut varsel om at det kunne komme 10–15 cm med snø i løpet av seks timar.

Laster Twitter-innhold

Snøvêret skapar også problem i vegtrafikken.

På E39 i Bjerkreim i Rogaland har eit vogntog køyrd seg fast, noko som skapar køar i begge retningar.

Alt av tilgjengeleg brøytemannskap er ute, i fylgje Statens vegvesen. Dei får meldingar om at det snør kraftig frå Rogaland i sør og nordover langs vestlandskysten.

I det fine vintervêret er det mange som har vore til fjells, no må dei ta seg heim att på glatte vintervegar.

– I Bergen har det snøa kraftig. Det pregar heimfarten for mange. Det er køar også inn mot Stavanger, mange stadar med saktegåande trafikk, seier Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Kø ved Trengereid inn mot Bergen.

KØ: Dette biletet er frå Trengereid i retning Bergen i kveld.

Foto: Øyvor Bakke / NRK