Etter at Moria-leiren brann natt til onsdag, vedtok regjeringa at Noreg skal ta imot 50 personar frå leiren.
Det reagerer byrådet i Bergen på.
– Det er direkte flaut at vi set grensa ved 50 personar når det er 13.000, moglegvis fleire, som står utan heim, helsehjelp og er i ein akutt situasjon, seier Katrine Nødtvedt (MDG), byråd for kultur, mangfald og likestilling.
Byråden peikar vidare på at fleire kommunar har sagt seg villige til å ta imot fleire asylsøkarar.
– Rundt 100 norske kommunar har klart og tydeleg uttrykt vilje og kapasitet til å ta imot mange fleire. Bergen var førebudd på å ta imot 195 flyktningar i 2020 og har sagt seg positiv til å busette fleire, seier Nødtvedt.
Vil tidoble talet
Bergen kommune har så langt i år busett 63 personar.
– Det er full stans i innkomst av kvoteflyktningar og det kjem omtrent ingen asylsøkarar. Eg kan ikkje begripe at dei set grensa på 50 personar frå Moria-leiren. Vi kan ta imot 50 frå Moria åleine, seier byråden.
Ho meiner regjeringa burde kunne strekke seg til å tidoble talet – til 500 asylsøkarar frå Moria.
– Det er ikkje eit høgt tal, det kan bli teke imot kontrollert og føreseieleg. Her står det berre på vilja til regjeringa.
Byrådet i Bergen legg til at statleg finansiering må følgje med.
– Ei varsla katastrofe
Nødtvedt kallar brannen i flyktning- og migrantleiren i Hellas for ei varsla katastrofe, og meiner regjeringa viser sitt sanne ansikt i måten dei har handtert saka på.
– Dei er ikkje villige til å hjelpe før det bokstaveleg talt brenn. Det har vore vanskelege forhold lenge og åtak frå nazistar, seier ein opprørt byråd.
– Eg skjønar ikkje korleis vi kan sitte på henda våre i ein slik situasjon og skyve andre land framfor oss.
SV, FNB og Raudt stiller seg bak
Bergen bystyre vedtok i vår at kommunen i «lys av den prekære situasjonen i Hellas er positiv til å busette familiar, særleg sårbare flyktningar og eit større tal på einslege barn på flukt i Bergen» enn dei 195.
SV har tidlegare uttala at kommunen bør ta imot 100 ekstra asylsøkarar frå leiren, og stiller seg bak utspelet til byråden.
– Eg er heilt samd. Vi kjem til å fremme ei uttale om dette i neste bystyremøte og håper denne gangen å ha heile bystyret med oss. Dette var ei varsla katastrofe og Europa bør skamme seg, seier Mikkel Grüner, gruppeleiar for SV i bystyret.
Han utfordrar også Nødtvedt til å høyre med sine byrådskollegaer i KrF og Venstre om kva dei meiner om korleis regjeringa har handtert saka.
– Ein heilt spesiell situasjon
Også Raudt og FNB (Folkeaksjonen nei til meir bompengar) i Bergen stiller seg bak kravet frå byråden.
– Vi er heilt samde i at Bergen har plass til ein god del menneske og at Noreg som heilskap må ta i mot mange fleire enn 50, seier Mailiss Solheim, leiar for Raudt Bergen.
– Dette er ein heilt spesiell situasjon. Om regjeringa ber oss om det, vil vi vere positive til å ta imot rundt 50 åleine, seier Trym Aafløy i FNB.
Harald Victor Hove i Bergen Høgre er samd i at kommunen har plass til fleire innanfor dagens system, men stussar over at byråden skal blande seg opp i kor mange Noreg skal ta imot på landsbasis.
– Vi har kapasitet, men så er det ei statleg vurdering kor mange vi kan ta imot. Det kan handle om korleis ein får mest effekt - ved hjelpe dei der dei er eller å hente folk til Noreg, seier Høgre-politikaren.
Oslo-ordførar vil ha luftbru
Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV) reagerer også på talet på personar som regjeringa legg opp til og kallar det «altfor lite og puslete». Ho utfordrar regjeringa til å opprette ei humanitær luftbru for å evakuere barnefamiliar og sårbare menneske ut frå Hellas.
– Det er behov for øyeblikkelig krisehjelp. Eg ber Erna Solberg handle no, skriv ho i ein e-post.
– Oslo har tydelig sagt det, og eg vil gjenta det i dag, vi er klare til å ta imot det talet på flyktningar regjeringen ber oss om. Det handlar om barn i akutt livsfare. No må vi vise kva slags nasjon vi ønsker å vere, korleis vi kan vise nestekjærleik og medmenneskelegheit, skriv Borgen.