Hopp til innhold

Bergen kommune om koronahandteringa: – Tida for nedstengingar er forbi

Byrådet i Bergen gjer reglar og påbod om til anbefalingar. No meiner dei det hastar med svar om vaksinering av 12-15-åringar.

Pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen.

IKKJE STRAFF: Byrådsleiar Roger Valhammer fortalde under pressekonferansen onsdag at dei ikkje ynskjer å straffe folk som bryt koronareglar. Difor blir tidlegare koronaforskrifter no til oppmodingar.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Pandemien er ikkje over i Bergen, sa Roger Valhammer under pressekonferansen i dag.

– Men tida for nedstengingar er over.

Sidan 6. august har byen hatt lokale forskrifter knytt til korona, med blant anna påbod om munnbind der ein ikkje kan halde éin meter, og forbod mot fleire enn ti uvaksinerte personar samla i eigen heim.

No vil byrådet vidareføre forskrifta som ein anbefaling. Det vil difor ikkje vera lovpålagt, men anbefalt å følgje oppmodingane til kommunen.

– Me vil på det sterkaste be deg om at du følger desse anbefalingane, sa helsebyråd Beate Husa.

Den siste månaden har vore prega av høge smittetal i Bergen kommune.

Smittevernoverlege Egil Bovim har tidlegare uttalt at smittesporingsarbeidet i byen er sterkt belasta og i fare for å bryte saman.

Ber alle vaksinere seg

– Mitt første og viktigaste bodskap i dag er: Om du ikkje er vaksinert enda må du gjere det no. Har du berre tatt dose ein må du ta dose to så fort det er gått fire veker.

Det sa Valhammer innleiingsvis under pressekonferansen onsdag.

Ifølge byrådsleiaren er 3 av 4 bergensarar over 18 år no fullvaksinert. I tillegg har snart 70 % av 16- og 17-åringane fått første dose.

For to veker sidan starta kommunen med drop-in-vaksinering for lærarar og studentar, før dei opna tilbodet for alle innbyggarar over 18 og seinare 16 år.

Me kan ikkje stenge ned samfunnet for dei som ikkje er vaksinerte. Så vaksinar deg, om du kan, sa byrådsleiaren onsdag.

Etterlyser svar frå regjeringa

Valhammar gjekk tidleg inn på dei høge smittetala blant unge i Bergen. Halvparten av dei totalt 65 nye smittetilfella i Bergen det siste døgnet er i alder 15 til 22 år. Smittetrykket har lenge vore størst blant dei unge.

– Hadde me fått klarsignal om å vaksinere 16- og 17-åringar tidlegare hadde me kome enda lenger, sa Valhammer og refererte til regjeringa si avgjersle om å la dei under 18 år ta vaksine.

No ventar byrådet på regjeringa si avgjersle om å vaksinere dei mellom 12 og 15 år. Valhammer kom med ei klar oppmoding til regjeringa under pressekonferansen.

– Er det slik at regjeringa ikkje vil at denne aldersgruppa skal vaksinerast, så må dei seie det. Og dei må seie det no.

Slik situasjonen er no har ikkje regjeringa kome med ei avgjersle om vaksinering av dei over 12 år.

Byrådet i Bergen orienterer om situasjonen i Bergen.

Sjå pressekonferansen der byrådet i Bergen orienterte om situasjonen i Bergen klokka 14.00 onsdag.

Ventar høge smittetal

Sidan tidleg august har smittetala i Bergen vore høge, med over hundre nye smitta fleire dagar.

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) sa til NRK i dag at han ventar høge smittetal, også i tida framover.

– Det er klart at dess fleire som er fullvaksinert, dess mindre grunnlag er det for å ha tiltak som held smitten nede. Samtidig ser me at smitten spreier seg, og den spreier seg blant born og unge som ikkje er vaksinerte. Og det er born og unge me helst ikkje vil ha tiltak retta mot, sa byrådsleiaren.

Pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen.

INGEN NEDSTENGING: Byrådsleiar Roger Valhammer og helsebyråd Beate Husa orienterer om smittesituasjonen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Ber folk smittespore sjølv

På grunn av det høge smittetrykket har byrådet no bede bergensarane drive smittesporinga sjølv.

– Smittesporinga vil bli annleis. Særleg viss du har hundre nærkontaktar. Då er det ikkje sikkert kommunen ringer alle desse. Du må ta noko ansvar sjølv, sa då fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery til NRK førre veke.

Legevaktsjef Dagrun Linchausen i Bergen har også uttalt at ho meiner Noreg bør angripa koronaarbeidet annleis, og ikkje lenger sjå på covid-19 som ein samfunnskritisk sjukdom.