Hopp til innhold

Varslingar til barnevernet har forsvunne: Ministeren varslar nasjonal gransking

244 kommunar kan vera råka av problemet som skal ha vart i fleire år. Barneminister Kjersti Toppe krev svar frå Visma og set i gang nasjonal gransking.

Statsråder møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, seier ho har bede Bufdir om å legga fram ein rapport om saka.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Bergen kommune har oppdaga ein alvorleg teknisk svikt i systemet for bekymringsmeldingar til barnevernet.

Feilen kan potensielt gjelda 244 norske kommunar.

Mellom andre har Oslo, Tromsø, Sandefjord og Sandnes stadfesta at dei er råka.

– Dette er ekstremt alvorleg, seier byrådsleiar i Bergen kommune, Rune Bakervik.

Rune Bakervik

Byrådsleiar Rune Bakarvik seier feilen er ekstremt alvorleg.

Foto: NTB / NTB

Feilen har vore i systemet sidan september 2020, ifølge Visma.

Det er systemet som leverer bekymringsmeldingar frå det nasjonale varslingssystemet til kommunane og dei lokale barnevernskontora som har svikta.

Det betyr at bekymringsmeldingar ikkje har kome fram og derfor ikkje har blitt behandla.

Hei!

Eg har dekka saka om dei forsvunne barnevernsvarsla. Er du råka av feilen? Har du informasjon eller tips i saka?

Barneminister Toppe: – Saka er svært alvorleg

– Eg har allereie sett i gang eit arbeid i direktoratet, og får ein rapport veldig raskt. Eg vil også seia at dette skal sjølvsagt granskast, for det er så alvorleg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til NRK.

Ho stadfestar at det skal bli ei uavhengig gransking, men seier det er for tidleg å koma med fleire detaljar.

– Poenget er at dette er så alvorleg at me må få ei gransking som kan få fram kva som har skjedd, kvifor og korleis me kan hindra at det skjer igjen, seier statsråden.

Ho er redd for at svikten kan ha ført til at barn som treng vern og hjelp ikkje har fått det. No forventar ho at Visma tar ansvar og fortel kommunane korleis dei skal gå fram for å finna ut om feilen gjeld dei òg.

– Dei som er bekymra for om eit barn får god nok omsorg skal kunna stola på at systemet fungerer og at bekymringsmeldingane kjem fram til barnevernet. Det er sjølve grunnplanken i systemet vårt.

Visma stadfestar at dei har retta feilen og at dei har tatt kontakt med kommunane det gjeld.

Familieministeren har bede Bufdir om å komma med ein fullstendig rapport om saka.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe ifbm Spydeberg-sak

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, seier ho har bedt Bufdir om å legga fram ein rapport om saka.

Foto: Tom Balgaard / Tom Balgaard/NRK

– Eg har bede dei setta i gang nødvendige undersøkingar for å få vita kva som har skjedd, omfanget av feilen, kvifor ikkje svikten blei oppdaga tidlegare, moglege konsekvensar for sårbare barn og kva som blir gjort for å retta opp, seier ho.

Nedgang i antal bekymringsmeldingar

Barneombod Inga Bejer-Engh kallar saka ekstremt alvorleg.

– Me har over tid vore svært bekymra for ein stor nedgang i omsorgsovertakingar. Tal frå Bufdir viser også ein nedgang i sende bekymringsmeldingar sidan 2019.

Ho forventar at barne- og familiedepartementet raskt skaffar seg ei oversikt over omfanget.

Barneombud Inga Bejer-Engh

Barneombod Inga Bejer-Engh.

Foto: Ingeborg Undheim

– Eg forventar at dei gjer alt dei kan for å retta opp denne potensielt katastrofale feilen. Det må undersøkast om det er ein samanheng mellom nedgangen i bekymringsmeldingar og dei tekniske problema, seier barneombodet.

Ho meiner kommunane må vurdera om dei skal be innbyggarane om å senda bekymringane sine på nytt.

– Det er betre med ein gong for mykje enn ein for lite.

Bekymringsmeldingar blir ikkje lagra

For å gjera det enkelt å senda bekymringsmeldingar til barnevernet, lagde KS i 2020 ein felles portal for å senda slike meldingar.

Portalen er kopla opp mot forskjellige system som kommunane brukar. Det er Visma som er leverandør av systemet.

KS seier til NRK at feilen ikkje ligg i deira portal, men i leverandøren sitt fagsystem.

– Feilen er at enkelte bekymringsmeldingar ikkje blir lagra i fagsystemet, seier Tristan Rolstad, avdelingsdirektør digitale fellestenester i KS.

– Kva er konsekvensen?

– Konsekvensen er at meldingar som er sende er borte. Det er ikkje snakk om data eller informasjon på avvege, men at meldingane ikkje er lagra, seier Rolstad.

Visma: – Kan gjelda 244 kommunar

Kommunikasjonsarbeidar Lage Bøhren i Visma stadfestar at det er deira system feilen gjeld.

– Det er eit fagsystem som heiter «Familia», som barnevernet brukar i ulike kommunar. Det er 244 kommunar som brukar den versjonen av systemet, seier han.

Feilen er no retta og dei jobbar med å få oversikt over kor mange kommunar som er råka.

Datatilsynet stadfestar til NRK at dei er informerte om saka. Dei fekk inn ei avviksmelding frå Bergen kommune i mai, ifølge kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl.

– Det er mykje me framleis ikkje veit, men når det berre i Bergen er 21 meldingar som er borte, er dette ei ekstremt alvorleg og stor sak, seier ho.

– Vil Datatilsynet gjera tilsyn mot Visma?

– Me følgjer opp saka no, og ho har prioritet hos oss. Eg kan ikkje seia noko no om tilsyn.

– Kan det vera snakk om lovbrot?

– Det kan sjå ut som det har skjedd eit brot på personopplysningslova her. Dette jobbar me med, og saka har prioritet hos oss.

Nasjonal portal for bekymringsmeldinger

Nasjonal portal for bekymringsmeldingar er ei nettside der personar kan melde inn bekymringsmeldingar om barn.

Foto: Skjermdump

Over 30 meldingar har forsvunne

I Bergen er det totalt 24 bekymringsmeldingar som ikkje har kome fram til barnevernet.

For tre av meldingane har kommunen klart å identifisera innhaldet, slik at dei kan følgja dei opp.

I Tromsø er det fire meldingar dei ikkje kan gjera greie for, medan Sandnes førebels melder at dei har mista to.

Sandefjord har mista sju, og Oslo har stadfesta at dei er råka, men har førebels ikkje tal på kor mange bekymringsmeldingar som manglar.

svikt bekymringsmeldinger Bergen barnevernet

Sjå pressekonferansen i opptak her.

Bergen kommune ber no barne- og familiedepartementet om nasjonal gransking av saka.

Det var ein helsesjukepleiar som oppdaga feilen.

Bufdir: – Ser alvorleg på situasjonen

Systemet det no er oppdaga feil ved er ei digital teneste for å senda bekymringsmeldingar til barnevernet.

På nettsidene til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) kan ein senda inn digitale meldingar om barn ein er bekymra for.

Divisjonsdirektør Harald Hegerberg i Bufdir skriv i ein e-post til NRK at direktoratet har kontakt med Visma og ber om fortløpande oppdatering om situasjonen.

– Bufdir ser alvorleg på situasjonen kor bekymringsmeldingar ikkje kjem fram. Det er svært viktig for barna meldinga gjeld, at folk kan føla seg trygge på at den kjem fram når dei melder si bekymring, skriv han.

Ifølge han har KS utvikla portalen for bekymringsmeldingar på oppdrag frå Bufdir.

«Hvis du er bekymret for om et barn får god nok omsorg, bør du sende en bekymringsmelding til barnevernet. Du trenger ikke å være sikker på at noe er galt for å melde fra.», står det på nettsidene.

«Vi anbefaler at du bruker digital bekymringsmelding for sikker innmelding til barnevernstjenesten.», står det vidare.

Visma opplyste først om at feilen kunne gjelda 300 kommunar. Dei har no korrigert talet til å gjelda 244 kommunar.

Les også Slik vart Visma-feilen oppdaga: Kommunen varsla ikkje vidare på to månadar

Familiens hus i Bergen