Hopp til innhold

Bergen kommune forbyr TikTok for sine tilsette – kjøper nye telefonar for å kunne bruke appen

Bergen kommune bad tusenvis av tilsette om å sletta appen frå jobbtelefonen. Likevel skal dei fortsatt laga TikTok-videoar til unge. – Viktig å ha to tankar i hovudet.

Juliana Fagertveit Haukedal (17), Magnus Rasmussen (15) og Lavrans Lem (18) lager innhold til Bergen kommune sin TikTok-konto

TIKTOK-REDAKSJON: Magnus Rasmussen, Lavrans Lem og Juliana Fagertveit Haukedal er ein del av ungdomsredaksjonen til Bergen kommune. Kommunen vil halda fram med å laga TikTok-innhald til den utskjelte videoappen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Denne veka la fleire norske kommunar ned forbod mot at tilsette får bruka appane TikTok og Telegram på offentlege tenestetelefonar.

NSM og regjeringa har råda om at TikTok ikkje bør installerast fordi appen utgjer ein sikkerheitsrisiko.

Bergen var den første kommunen som la ned forbod mot appen på tilsette sine jobbtelefonar.

Men det betyr likevel ikkje at kommunen blir usynleg på TikTok.

No kjøper dei inn eigne telefonar – som berre skal brukast til TikTok – for å ikkje mista kontakten med unge innbyggarar.

Lager TikTok-innhold for Bergen kommune: Juliana Fagertveit Haukedal (17), Magnus Rasmussen (15), Lavrans Lem (18)

TREFFER UNGT: Ungdomsredaksjonen får innspel frå sine overordna om kva informasjon eller bodskap kommunen vil nå ut med. Deretter klekker dei ut idear på korleis informasjonen best kan treffa og nå ut til flest mogleg.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Får fleire millionar visningar

I Bergen sentrum stiller tenåringane Juliana (17), Magnus (15) og Lavrans (18) seg opp utanfor Utekontakten.

Dei lagar innhald til ungdom mellom 13 og 18 år – ei gruppe innbyggarar kommunen har slite med å nå gjennom tradisjonelle kanalar.

– Før eg byrja her, visste eg knapt om nokre av dei tilboda eg no har jobba med. Det er alt frå psykisk hjelp til sosiale tilbod. Det er viktig at ungdom blir opplyst om alle dei fantastiske moglegheitene som finst i Bergen, seier Magnus Rasmussen.

I dag har Bergen kommune sin TikTok-konto over 5300 følgarar og fleire millionar visningar blant unge.

Gjennom den no utskjelte kinesiske appen treffer kommunen eit publikum dei tidlegare har slite med å nå.

– Målet til redaksjonen er å nå ut til ungdom på ein måte som Bergen kommune aldri har gjort før. Det er eigentleg ingen kommunar som har klart å treffe ungdom veldig godt, meiner Juliana Fagertveit Haukedal.

Juliana Fagertveit Haukedal lager TikTok-videoer for Bergen kommune

LAGAR INNHALD: Juliana Fagertveit Haukedal er ein del av eit team på seks ungdomar som planlegg, filmar og redigerer innhaldet til Bergen kommune sin TikTok-konto.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Juliana (17): – Mange ser videoane våre

Målgruppa til TikTok-redaksjonen i Bergen kommune er ungdom som sjeldan får med seg aktuelle saker kommunen ønsker at dei skal vita om.

Som at den nye helsestasjonen opnar eller at det er ei gonorébølge på gang.

– Det me opplever er at mange ser videoane våre, mange sender dei til venner og kommenterer. Etter at me la ut ein post om ein ny helsestasjon, var det ein oppgang i talet på ungdom som stakk innom. Så me kan tenka oss at det har ei samanheng, resonnerer Haukedal.

Bruken er eit resultat av eit detaljert innsiktsarbeid. Bruken av TikTok, formidla av ungdomar sjølve, bidrar til at fleire vender seg mot tilboda, er konklusjonen til kommunen.

– Me veit at veldig mange unge brukar mykje tid på TikTok. Når me skal nå ungdommane, må me vera på dei kanalane dei er, seier Line Berggreen Jacobsen (Ap), byråd for barnevern og sosiale tenester.

Line Berggreen Jacobsen (Ap), byråd for barnevern og sosiale tjenester i Bergen kommune

BYRÅD: Line Berggren Jacobsen

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Kjøper nye mobiltelefonar

Ungdomsredaksjonen som i dag lagar innhald til appen, skal halda fram arbeidet.

For at redaksjonen framleis kan laga TikTok-videoar til byens ungdom, kjøper kommunen inn nye mobiltelefonar. På desse kan TikTok takast i bruk med dei nye retningslinjene, så lenge dei ikkje er kopla på kommunen sine interne digital system.

Lavrans Lem (18) er sjølv ikkje bekymra for risikoen ved at persondata kan spreiast.

– Eg trur det er ein risiko dei fleste unge er villige til å ta. Men eg trur det er litt meir spanande for store selskap å vita kva som skjer i kommunen enn det som skjer på våre private telefonar, reflekterer Lavrans Lem, som får støtte av kollegaen:

– Eg trur dei fleste ungdomar er klar over det. Det er blitt normalisert å gi ut informasjonen sin til andre selskap. Det er nesten umogleg å unngå dersom ein skal ha sosiale medium, noko dei fleste unge har, seier Magnus Rasmussen.

TIKTOK-REDAKSJON: Magnus Rasmussen, Lavrans Lem og Juliana Fagertveit Haukedal er ein del av ungdomsredaksjonen til Bergen kommune. Kommunen vil halda fram med å laga TikTok-innhald til den utskjelte videoappen.

TIKTOK-REDAKSJON: I dag brukar tenåringane jobbtelefonen til å filma og redigera videoane. Deretter sender dei fila til sin eigen privattelefon, der dei har TikTok installert, for å publisera.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Opnar for å vurdera TikTok-bruken

Byråd Jacobsen meiner det ikkje er sjølvmotseiande at kommunen har konto på TikTok samstundes som dei ber alle sine tilsette om å sletta appen.

– Det er viktig å ha to tankar i hovudet samstundes her. Me må sørga for at datatryggleiken er tatt vare på, og samstundes erkjenna at mange unge er på TikTok og vil vera det framover. Difor er det bra at me kan få til begge deler på ein forsvarleg måte.

– Men så er det viktig å legga til at me følger nasjonale og lokale anbefalingar tett, og at me sjølvsagt vil vurdera praksisen om dette seinare blir rådd frå for privatpersonar.