Hopp til innhold

Tusenvis lagde gullkok i Bergen sentrum: – Dette går ikkje an å beskrive

Tusenar på tusenar i eit kokande, solfylt Bergen feira klubbens første gull på 16 år.

LØFTA TROFEET: Kaptein Sivert Heltne Nilsen løfta kongepokalen på heimebane i Bergen.

I strålande vårsol møtte tusenvis av feststemde bergensarar opp på Torgallmenningen for å hylla cupheltane sundag ettermiddag.

Med 2–0 mot Lillestrøm tok Brann sitt sjuande NM-gull, og kunne med det ta gullet og kongepokalen «hem» til Bergen.

Alt lenge før gullet var sikra, hadde kommunen varsla gullfest dersom Brann drog i land sigeren mot Lillestrøm.

Og bergensarane møtte opp i tusental.

Gullfest på Torgallmenningen i Bergen sentrum

TUSENAR: «Viss du elskar, elskar Brann, så hopp» ropte tusenvis av Brann-supportarar på Torgallmenningen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Feira sitt aller første gull

– Det er første gong i mitt liv at Brann vinn noko, så det er ganske gøy. Eg har sett mange Brann-kampar, og endeleg vinn dei gull. Det er ganske fantastisk, seier Sander Ospehaug Borge.

Sander på Torgallmenningen i Bergen

FØRSTE GULL: 9 år gamle Sander Ospehaug Borge og Edvard Bratli Nordang (til venstre) kunne feire sitt aller første gull som Brann-supporterar.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Han hadde tatt turen i lag med familien og kompisen Edvard Bratli Nordang.

Rundt han var det trongt om plassen.

– Eg har høyrt rykte om at det er mellom 13 og 15.000 her i dag, sa Brann-speaker og konferansier Remi Taule før han ropte opp Brann-spelarane éin etter éin.

– Dette går ikkje an å beskrive. Det er ein draum, sa kaptein Sivert Heltne Nilsen etter å ha løfta pokalen blant byens supportarar.

Gullaget på Torgallmenningen i Bergen

GULLJUBEL: Brann-spelarane blei ropt opp éin etter éin, og blei møtt med overdøyvande jubel.

Foto: Sjur Mikal Dolve1 / NRK

Ordførar med kjærleikserklæring

Bergensordførar Linn Kristin Engø (Ap) opna sceneshowet med ei kjærleikserklæring til 2-0-skåringa i gårsdagens finale.

– Ingen har sett hjarta mitt meir i Brann enn då Bård Finne sende meir enn halve Ullevål og heile Torgallmenningen til himmels i går, konstatert Engø til unison jubel frå folkehavet i sentrum.

– Dette er heilt ubeskriveleg, seier Nils Brennedal.

Laurdag hadde han jobben som forsongar under fellesvisinga på Torgallmenningen. Dagen «derpå» er han hås, og røper at han finaledagen drakk så mykje vatn i varmen at han kasta opp.

– Ingen plassar i verda er det meir stemning no, trur eg.

Hege Pettersen hadde tatt turen til Torgallmenningen i Bergen for å feire cupgullet

– SINNSSJUKT: Hege Pettersen hadde tatt turen for å gi sin hyllest til cupheltane. – Me var her i går og såg kampen. Det var heilt, heilt sinnssjukt, seier Hege Pettersen, som avslører at det blei ei fuktig feiring laurdag kveld.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK