Bergen har 68 nye smitta

68 personar mellom 4 og 93 år har fått påvist koronasmitte det siste døgnet. Det opplyser byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) til Bergen bystyre tysdag. Han seier ein må redusere samankomstar i private heimar for å få kontroll på smittespreiinga.