Sivilforsvaret kalla ut etter at Bergen rann over

Det flauma over fleire stader i Bergen i natt. Utover dagen er det venta meir nedbør og meir problem.

Brannvesenet jobbar med oversvømmelse i Åsane senter
Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Dei siste tolv timane har det komme 85,2 mm med nedbør i Bergen. Det gjorde at brannvesen og kommune fekk ei travel natt.

På førehand oppfordra brannvesenet folk til å reinske sluk og liknande for å unngå oversvømmingar.

Likevel vart oppdragslista lang i natt.

– Elver og kummer har flauma over, og store vassmengder har truga med å ta seg inn i hus. Etter klokka 02.00 har det heldigvis roa seg, fortel vaktkommandør Arne Rikstad til NRK.

15 centimeter med vann la seg over hele parkeringsanlegget på gamle Arken i Åsane.

SJÅ VIDEO: Brannvesenet og Sivilforsvaret var i sving i parkeringskjelleren til gamle Arken i Åsane i dag.

Flaum på kjøpesenter

Rikstad venta likevel at det ville komme inn fleire meldingar om flaum etter at folk har komme seg på jobba. Han har fått rett.

Klokka 06.30 varslar Åsane senter om at dei har 15 cm med vatn i heile parkeringsanlegget under gamle Arken.

– Her er det er nokre trafostasjonar som ligg utsett til, så vi har varsla BKK i tilfelle dei må ta straumen på heile senteret, seier Rikstad til NRK.

Også Sivilforsvaret er kalla ut for å bistå brannvesenet i Bergen med arbeidet.

Laster Twitter-innhold

– Elver overalt

Her er nokre av plassane brannvesenet har vore i natt:

  • Laksevåg
  • Løvstakksida
  • Sandviken
  • Fjellsiden
  • Danmarks plass

I Nordre Skogvei fossa vatnet inn i fleire leilegheiter. Brannvesenet hjelpte til med pumper.

Ved Christinegården i Sandviken kom torsdag kveld inn melding om at ei elv var i ferd med å flaume over.

– Her var det fleire rister som var tett, noko som gjorde at det fløymde godt over, fortel Rikstad. Her var også ein dykkar i aksjon for å reinske opp.

Oversvømmelse Indre Sædalen i Bergen

FLAUM: Fylkesveg 188 i Indre Sædalen er stengt denne morgonen, etter store nedbørsmengder i natt.

Foto: Kirsten Øystese

Tette sluk

– Folk har jobba godt i natt, men tette sluk har vore ein stor årsak til at vatn har trengt seg inn i hus, seier Rikstad.

Også kommunens vaktsentral har vore travle i natt. Dei melder om ein del problem i Fjellsiden også, der vatn har tatt seg inn i bustader.

Dei er i beredskap, for vêrmeldinga seier at nedbøren skal halda fram til fredag kveld. NVE har sett flaumvarselet til nivå gult for heile Vestlandet.

Frå torsdag ettermiddag, til og med fredag kveld er det meldt at det kan lokalt koma 130–160 mm i løpet av 36 timar.

I Sunnhordland fortel politiet at det ikkje har vore meldingar om oversvømmingar i natt.

Stengd veg

Vegtrafikksentralen melder også om ei travel natt. Fylkesveg 188 i Indre Sædalen var stengt fredag morgon ved avkøyrsla til skulen på grunn av flaum. Klokka 08.00 er eitt felt opna.