Berga så vidt livet i eksplosjonen

Hytta eksploderte og eine kompisen vart kasta ut gjennom vindauget. - Vi er glade vi er i live, seier Alexander Eikenæs og Ole Mathias Nygård.

Frå venstre Alexander Eikenæs og Ole Mathias Nygård.
Foto: Jan Ivar Vik

 

Hyttebrann på Tonningsetra.
Foto: Arne Vik

Dei to kompisane er framleis prega av den svært dramatiske brannen på Tonningsetra i Stryn nokre timar tidlegare på dagen. Sjokket etter den kraftige eksplosjonen sit i. Ole Mathias har fått bandasje på eine handa fordi han måtte sy nokre sting etter at han knuste vindauget i nabohytta.

Kasta ut vindauget

Men verst gjekk det likevel utover den 22 år gamle kameraten som er innlagt med alvorlege brannskadar på Haukeland Universitetssjukehus. Tilstanden hans er alvorleg, men stabil, opplyser sjukehuset i ettermiddag.

20-åringen som vart blåst ut gjennom vindauget har fått moderate skadar og ligg på sjukehuset i Førde. Ein 18 år gammal kamerat får også behandling ved Førde sentralsjukehus, men han slapp frå eksplosjonen med lettare skadar. Dei andre som var i hytta fekk legehjelp i Stryn.

Kraftig eksplosjon

Kameratgjengen på sju ungdommar hadde lånt hytta til faren til den hardast skadde for å nyte vinterferien nokre dagar i skitrekket i nabolaget. Kameratane var i ferd med å gå til sengs då dei kjende gasslukt. 22-åringen gjekk då for å sjekke gassbehaldaren som stod på badet. I det han opna døra small det.

- Første eksplosjonen var så kraftig at vi vart letta frå senga. Alle rutene i hytta vart knuste og  eine veggen vart blåst inn. Kameraten som låg på hemsen vart kasta ut i snøen, fortel Alexander Eikenæs og Ole Mathias Nygård.

Berre sekundar etter dei var kome kom neste smell og då eksploderte heile hytta i eit inferno av flammar.

- Måtte flykte i trusa

Det heile skjedde så fort at gjengen ikkje fekk med seg verken klede eller mobiltelefonar. Dermed måtte dei i berre trusa springe over til nabohytta for å søkje ly der. Like lettkledde sprang to av karane tre-fire kilometer i bitande kulde og snø ned til bygda for å hente hjelp.

Tre kvarter seinare var redningsmannskapa på plass, og  kunne ta hand om dei skadde. Dei to hardast skadde vart sende med kvar sin luftambulanse til Bergen og Førde. Hytta brann ned til grunnen i løpet av få minuttar, så det var lite brannvesenet kunne gjere då dei kom fram.

- Utruleg letta

Eikenæs og Nygård er ikkje i tvil om at eksplosjonen skuldast ein gasslekkasje. Det var lukta eit prov på. Like sikre er dei på at dei ikkje gjorde noko gale. Derimot er dei meir opptekne av korleis det går med kameratane som er innlagde på sjukehuset.

- Heile gjengen var utruleg letta over at det gjekk så bra. Vi sa til kvarandre rett etter eksplosjonen at vi skal vere glad vi er i live, fortel karane.

Melde frå sjølve

Ungdommane på Tonningsetra melde sjølve frå om brannen mellom fem og halv seks tysdag morgon.

Tonningsetra ligg ein halvtimes gange frå Stryn Skisenter. Det er veg opp til stølen, men denne er berre farbar for bilar om sommaren.

Hyttebrann på Tonningsetra
Foto: Jan Ivar Vik