Hopp til innhold

Berga ned frå fjelltur

Dei to personane som gjekk seg ville på ein fjelltur utanfor Eikefjord i Kinn kommune er berga ned. Dei blir no sett til av ambulansepersonell. – Dei er våte og kalde, men uskadde, opplyser politiet. Redningsaksjonen er no avslutta.