Gillie, som katten heiter, hadde ikkje vore å sjå på dagevis. I dag vart det oppdaga at det sat eit lite dyr inne i motorrommet på ein bil som var parkert rett utanfor NRK-kontoret på Nordfjordeid.
– Katten har hamna inne i motoren på bilen til Liv Lyng. Det er uråd å få tak i han, så difor må vi ha bergingsbil og løfte bilen opp, så vi kan ta han ut underfrå, seier Anette Midthjell Sørland til NRK-reporteren med svært kort utrykkingsveg.
I tillegg til ein bergingsbil operert av Jon Inge Holmgren var to politibetejntar og ein psykolog involverte i dette kattedramaet, som enda godt. Men det var ikkje berre enkelt å få Gillie ut frå gøymestaden.
Høyr radioreportasjen om korleis det gjekk til.
VARM VELKOMST: Anette Midthjell Sørland var svært glad for at Gillie kom velberga frå
Foto: Harald Kolseth / NRK