Hopp til innhold

Ber om nye løysingar over Hardangervidda

Samferdselsministeren ber Statens vegvesen ha Bergensbanen med i tankane når dei no skal greia ut ny veg over fjellet.

Selvik Olsen/Hardangervidda

BER VEGVESENET GREIA UT: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Framstegspartiet) ber Vegvesenet greia ut om ny riksveg 7 over Hardangervidda.

Foto: Olav Heggø(Fotovisjon) / NRK

Samferdselsdepartementet håpar konseptvalutgreiinga (KVU) vil få fram nye løysingar som ein kan ta med i den vidare planlegginga av riksvegen over Hardangervidda.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er ikkje den første som no ber om at Vegvesenet ser nærare på nye vegløysingar for fjellovergangen. Under opninga av Hardangerbrua i sommar, sa Liv Signe Navarsete (Sp) at ho ville setje i gang ei utgreiing av tunnel under Hardangervidda.

To parallelle oppdrag

Helge Eidsnes

Regionvegsjef Helge Eidsnes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vegvesenet er allereie i full sving med ein overordna utgreiing om aust-vest sambandet i Sør- Noreg.

– Vi har allereie fått eit oppdrag med der vi ser på sambandet i Sør–Noreg med heile åtte høgfjellsovergangar. No får vi eit nytt parallelloppdrag med Hardangervidda. Desse to prosessane heng saman, seier regionvegsjef Helge Eidsnes til NRK.

Han opplyser at den overordna utgreiinga vil bli lagt fram først, og at det nye oppdraget vil bygge vidare på konklusjonane frå den. Samferdselsdepartementet reknar med rapporten vil legge føringar på utviklinga av vegen over Hardangervidda.

– Vi meiner samstundes at ei utgreiing av riksveg 7 ikkje kan venta, og vi legg til grunn at ein kan gjera dette arbeidet parallelt, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

– Fleire viktige prosjekt

Riksveg 7 over Hardangervidda var den mest stengte fjellovergangen i heile 2013. Vegen var stengt i 122 timar og det var kolonnekøyring i 124,5 timar.

Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) vil likevel ikkje sei at regjeringa no prioriterer riksveg 7 framfor E134 og andre fjellovergangar mellom aust og vest.

– Nei. Vi skal sjølvsagt sjå på dei forskjellige sambanda og fjellovergangane når den overordna rapporten frå Vegvesenet kjem. Det er fleire viktige prosjekt på gang, både på E16 og på E134, svarar Hoksrud.

Ser veg og jernbane i eitt

Samferdselsdepartementet ber også Statens vegvesen trekkje inn og ta omsyn til Bergensbanen i utgreiinga.

– Det er eit klart ønske frå statsråden at vi også skal sjå på veg og jernbane saman. Det ser vi på som nyttig og interessant, fortel Eidsnes.

Det betyr eit nytt samarbeid med Jernbaneverket, slik ein allereie har i utgreiinga av ny E16 og trasé for Bergensbanen mellom Arna og Voss.

– Vi legg fram forslag til trasé der no til våren og i arbeidet med det har vi sett at vi har felles behov med felles løysingar. No skal vi også prøve oss på det same samarbeidet på Hardangervidda.