Ber til Gud om Reiten sin avgang

Stortingspolitikar Ingrid Heggø tek med Reiten i kveldsbøna si. Ho ber til Gud om at han må gå av.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø.
Foto: Bjørn Sigurdsøn. / Scanpix

Heggø, som er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, seier Reiten har motarbeidd staten. Difor er det urimeleg at han får halde fram i stillinga si.

Sei di meining om Heggø sitt utspel!

- Folk i fylket har levd i uvissa

Heggø, som kjem frå industribygda Høyanger, har den siste tida fått mange sinte telefonar frå tilsette i Hydro. I likheit med dei tilsette ho har snakka med, meiner Heggø no at Reiten bør gå av.

- Reiten har vore utidig mot folk i Sogn og Fjordane i fleire tiår, seier ho.

- Stadig fleire arbeidsplassar har forsvunne frå fylket, sjå berre på nedbygginga av både Høyanger og Årdal. Det er ikkje akkurat positive signal vi har fått.

Heggø har ikkje tillit til Reiten.

Håpar Gud høyrer henne

- Sjølv om Hydro har levert gode resultat, er det folket på golvet si forteneste, saman med konjunkturar og høgare aluminiumsprisar, meiner Heggø.

- Eg må berre tilstå at eg i kveldsbøna ber om at Reiten finn seg ein annan jobb, i tillegg til at Brann vinn eliteserien, og Arbeidarpartiet vinn valet, avsluttar ho.

 

 

 

 

.