Hopp til innhold

Ber statsråden gripe inn

Ordførar i Aurland, Olav Ellingsen, ber no arbeids- og inkluderingsministeren gripe inn og ta ansvar for søstrene Belik.

Dei to jentene frå Moldova fekk avslag på søknad om opphald i Norge, og har sidan tapt saka både i tingretten og i lagmannsretten.

Ellingsen meiner det er ein reell fare for at jentene blir utsette for menneskehandel dersom dei blir sendt tilbake til heimlandet. 

No ber han innstendig om at Bjarne Håkon Hansen gjev søstrene opphald på humanitært grunnlag.

- Det er jo menneske det er snakk om, og dei har det veldig tøft. Det same har personane rundt dei. Difor må vi vende oss til dei som meiner og trur dei har mynde til å ta ei avgjerd - av medmenneskelege omsyn, seier Ellingsen.