Hopp til innhold

Vil verna regnskog på Vestlandet

Forskarar har funne over 500 små og store regnskogar på Vestlandet. No ber styremaktene grunneigarane bli med på skogvern for å ta vare på lav- og moseartar som ikkje finst andre stader i verda.

Gul pærelav

GUL PÆRELAV: Ein av mange artar som er særeigne for regnskogane

Foto: Kirstin Maria Flynn

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Du las rett: Noreg har mykje regnskog.

Dei fleste vestlendingar veit godt at dei bur på «regnkysten», men få har høyrt at landsdelen har mykje «boreonemoral regnskog» og «boreal regnskog med furu» (sjå ekstern lenke).

Der er det stabilt svært fuktig klima gjennom heile året og mange artar lav og mose som kan vera unike i verdssamanheng.

Mikroskopisk vern

Staten har som mål å verna ti prosent av skogen i landet. På Vestlandet er om lag to prosent verna.

– Men det som er verna av regnskog er heilt mikroskopisk, så me ber skogeigarane med på frivillig vern på Vestlandet, seier seniorrådgjevar Gunnar Kjærstad i Miljødirektoratet.

Hordaland har flest verneverdige regnskogområde, viser ei omfattande kartlegging Miljødirektoratet no presenterer om heile Vestlandet i perioden 2012-2017.

Gunnar Kjærstad, Miljødirektoratet

«LAV LOVER»: Gunnar Kjærstad i Miljødirektoratet medgir at folk flest bryr seg meir om ulv og pandabjørn enn til dømes kystskoddelav, men han ber skogeigarar tilby frivillig vern av verdifull norsk regnskog.

Foto: Privat

Ein kjenner til 510 regnskogområde i dei fire vestlandsfylka. 320 av dei ligg i Hordaland.

I det fylket er mange av skogane svært små, kanskje berre ein 50-100 meter brei skog i skuggen av ein ås. I Sogn og Fjordane er det færre, men mange større regnskogområde.

  • Heile rapporten finn du her (ekstern lenke).

– God ordning

Jan Ivar Rødland er ansvarleg for frivillig skogvern i Vestskog SA i Norsk Skogeierforbund. Han trur vestnorske skogeigarar vil tilby vern av verdifull regnskog.

– Dei økonomiske vilkåra er gode for skogeigarane, og då får vernestyremaktene skogeigarar som betre passar på skogane enn om dei vart pålagt vern.

Skogeigarane kan få ein skattefri kompensasjon på 700-2000 kroner per dekar ved frivillig skogvern.

Panda eller purpurmose

Totalt er det funne over hundre raudlista artar, altså meir eller mindre utryddingstruga, i dei norske regnskogane.

– Veldig mange av artane har eit svært lite areal å leva på i Noreg, og i resten av verda. Vestlandet har mykje spennande skogar der me ikkje har fått verna nok, så me har ein god del igjen å gjera, seier Kjærstad.

– Det er kanskje lettare å få folk engasjert i pandabjørn og ulv enn til dømes purpurmose og kystskoddelav?

– Ja, men Noreg må ta vare på desse sjeldne artane. Me veit ikkje kva bruk me vil få for dei i framtida, til dømes innan medisin.

Jan Ivar Rødland

GOD BUTIKK: – Frivillig skogvern gir gode økonomiske vilkår for skogeigarane, seier Jan Ivar Rødland i Vestskog SA.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

Motorveg gjennom regnskog

I fjor vitja NRK Tysnes, der Fylkesmannen i Hordaland fryktar øydelegging av regnskogar som følge av den planlagde motorvegen Hordfast som er del av ferjefri kyststamveg på E39.

  • Les meir her.

– Kvar gong ein tar litt av regnskogar, blir artane endå meir truga, seier Kjærstad.

Han trur frivillig skogvern vil redda ein del regnskog i løpet av nokre år.

– Mange skogeigarar ser at det er ganske god butikk å få skogen sin verna.