Hopp til innhold

Ber regjeringa svare om AMK-sentralen

FØRDE (NRK): – Regjeringa kan ikkje snakke med to tunger om framtida til AMK-sentralen. Det seier stortingsrepresentant for Sp, Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete

BER REGJERINGA KLARGJERE KVA DEN MEINER OM FRAMTIDA FOR AMK-SENTRALEN: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Silje Guddal / NRK

Navarsete har stilt spørsmål om framtida til AMK-sentralen i fylket, til både Justisministeren og Helseministeren etter at departementa denne veka svarte ulikt på om AMK-sentralen står i fare for å bli flytta til Bergen.

Navarsete kallar situasjonen veldig spesiell og forventar at regjeringa kjem med eit avklaring på kva deira politikk er.

– Regjeringa kan berre ha eitt syn, og då er eg spent på kva det synet er.

Felles sentral for politi, brann og helse?

Når du i dag ringer 113 i dag kjem du til ein AMK-sentral med lokal kunnskap om området du er i. I framtida kan denne vere flytta saman med politi og brann i større einingar.

Tysdag sa statssekretær Hans J. Røsjorde (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet til NRK at det var eit klart ynskje å få til ein felles sentral for brann, politi og AMK.

Då vil til dømes Sogn og Fjordane og Hordaland få ein felles sentral for alle dei tre naudetatane.

Regjeringa kjem med ulike signal om framtida til dei akuttmedisinske naudsentralane. 
I dag tidleg sa justisdepartmentet at dei ønskjer ei samanslåing med brann- og politisentralene. 
Men i ettermiddag kom kontrabeskjed.

Seinare same dag kom statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helsedepartementet på bana for å presisere at det ikkje var snakk om tvang, men at eventuell samanslåing skulle skje frivillig.

Regjeringa må kome med eitt klart svar

– Det syner ei regjering som ikkje er samd med seg sjølv, og frå tidlegare så veit jo eg at justisdepartementet og helsedepartementet ikkje nødvendigvis er samde i dette spørsmålet, så difor er eg spent på kva svaret blir, seier Navarsete.

Ho seier at som Stortingsrepresentant så må ho forhalde seg til kva regjeringa som sådan seier, og ikkje at ulike departement kan ha ulikt syn.

– Det må dei gjere opp på kammerset, og så må vi få eitt svar på kva regjeringa står for i denne saka.

– Kva tykkjer du om ei eventuell flytting av også AMK til Bergen?

– Det er heilt meiningslaust. Vi har fått ein flott AMK-sentral i Sogn og Fjordane og det er investert mykje pengar. Det er mykje god kompetanse og kunnskap der som er viktig for folk i Sogn og Fjordane. Det er det aller viktigaste.