Hopp til innhold

Ber regjeringa oppheve strenge smitteverntiltak i Bergen

Byrådet i Bergen vil gå tilbake til vanlege, nasjonale koronareglar etter to veker med ekstraordinære smittevernstiltak. – Det er av omsyn til barn, unge og folkehelsa, seier byrådsleiaren.

 Pressekonferanse om nye koronatiltak i Bergen. Beate Husa og Roger Valhammer spriter hendene

VIL LETTE OPP: Byrådet i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Vår klare anbefaling er at Bergen neste veka får gå ut av regjeringa sine ekstraordinære smittevernstiltak, og gå tilbake til dei nasjonale koronareglane som gjeld elles i landet, sa byrådsleiar Roger Valhammer på ein pressekonferanse i ettermiddag.

I snart to veker har innbyggarane i Bergen og omegnskommunane levd under svært strenge smitteverntiltak, grunna frykt for eit større utbrot med sørafrikansk og engelsk variant av koronaviruset.

Den siste veka har Bergen tilhøyrd den sokalla 5C-kapittelet i covid-19-forskriften.

Men no meiner Bergen dei har god nok oversikt og kontroll, og ber om å få gå tilbake til å følge generelle, nasjonale reglar.

– Det betyr ikkje at vi som by kan sleppe heilt opp. Vi er samstundes parate til å lage ei lokal forskrift på kort varsel om det er behov, sa Valhammer.

Håper å sleppe opp før måndag

- Vi forventar at regjeringa følgjer opp anbefalinga vår. Og det har innbyggarane i Bergen og omegn verkeleg fortjent, sa helsebyråd Beate Husa.

Det er regjeringa som har siste ord før dei ekstraordinære tiltaka tek slutt måndag 22.februar. Dei kan også bli oppheva på eit tidlegare tidspunkt.

Akkurat det håpar helsebyråden kan skje.

- Det er svært viktig at tiltak blir sett inn raskt, men like viktig at dei ikkje blir brukt lenger en høgst naudsynt. Fredag skal vi i møte med nabokommunane våre og Statsforvaltaren, der vi diskuterer tidspunkt for ei avslutning på dei forsterka tiltaka, sa Husa.

Bergen kommune med siste nytt om koronasituasjonen

Bergen kommune med siste nytt om koronasituasjonen

Stabilt lågt

Valhammer er klar på at dei strenge tiltaka dei siste to vekene har gitt kommunen moglegheit til å få oversikt og kontroll med eit potensielt utbrot av den sørafrikanske varianten.

Trass funn i mange muterte virustilfelle, har smittetala i Bergen generelt vore låge i lang tid.

– Vi har ein stabil smittesituasjon når det gjeld talet på nye smitta. Utfordringa er at vi ser at dei muterte tilfella tiltek meir og meir. Bergen har ein stor del av dei sørafrikanske mutasjonene i Norge, minna Valhammer om.

- Men tiltaka har vore inngripande. For barn og unge har det vore ei tung bør å bera på små skuldre. Det er også med hensyn til folkehelsa at vi no anbefalar at det blir opna opp.

Nasjonale reglar

Det er regjeringa som har siste ord før dei ekstraordinære tiltaka tek slutt på søndag.

Men byrådet i Bergen har vore i møter med nasjonale styresmakter torsdag, og forventar å bli høyrde.

Også fagfolk har kome med innspel til byrådet i dag og har anbefalt å åpne opp, ifølge byrådsleiaren.

Her er nokre av reglane som er fastsett nasjonalt:

  • Skular og barnehagar er på gult nivå
  • Heimekontor blir anbefalt til alle som har mulighet
  • Barn og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktivitar
  • Vaksne kan ikkje trena innandørs, men utandørs om det er mogleg å halda avstand.
  • Ei oversikt over alle reglane kan du lesa her.