Ber om tre års fengsel for sovevaldtekt
Aktor Benedicte Hordnes ber om tre års fengsel for mannen som står tiltalt for sovevaldtekt og å ha seksuell omgang med eit barn under 16 år.
Mannen er ein av totalt fem tiltalte i den mykje omtala gruppevaldtektssaka som går i Hordaland tingrett.
I dag er siste dag i retten og aktor har lagt fram følgande påstandar om dei fem tiltalte:
• Mann (23) tiltalt for grov valdtekt og seksuell omgang med barn under 16 år: Fem år og seks månadar i fengsel.
• Mann (24) tiltalt for grov valdtekt: Fem år i fengsel.
• Mann (26) tiltalt for grov valdtekt: Fem år i fengsel.
• Mann (25) tiltalt for seksuell omgang med barn under 16 år: Eit år i fengsel.
• Mann (25) tiltalt for seksuell omgang med barn under 16 år og sovevaldtekt: Tre år i fengsel.