Hopp til innhold

Ber om orsaking for "Vik-brevet"

Erna Solberg orsakar den juridiske vurderinga dei gjorde då dei i 2002 gav Vik grønt lys til å investere framtidige inntekter.

Erna Solberg
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

- Som kommunalminister på tidspunktet vil eg beklage at justisdepartementet si lovavdeling i dag har kome til ein anna konklusjon enn det kommunaldepartementet gjorde i 2002, seier Solberg.

Gav grønt lys

Brevet ho siktar til er av dei åtte "Terra-kommunane" skildra som årsaka til at dei investerte framtidige kraftinntekter i høgst usikre obligasjonar gjennom Terra.

For i 2002 godkjende dåverande kommunalminister Erna Solberg at kommunane kunne gjere det. Brevet låg ved alle investeringsvedtaka i dei åtte kommunane dei neste åtte åra. I dag kom lovavdelinga i departementet fram til ein heilt annan konklusjon.

- Gjekk for langt

Solberg vil ikkje vedgå at det er departementet si skuld at kommunane gjekk til det steg å investere pengane - sjølv om dei gav kommunane grønt lys.

- Kommunane gjekk langt utover dei handlingar brevet skisserer som mogleg og ein tok risiko som fylkesmennene no har vist er klare brot på andre delar av kommunelova, seier ho og legg til at ho også har grunn til å tru at Terra har misbrukt brevet i si marknadsføring.

Vurderer søksmål

Ordførar i Vik, Martha Finden Halset, seier at kommunen vil vurdere søksmål. For ho er ikkje i tvil om at kommunen aldri ville investert pengane om det ikkje var for godkjenninga frå departementet.

- Det brevet fortalde at dette var lovleg og greitt. Vi må sjølvsagt ta ansvar sjølve, men utan dette brevet ville vi ikkje kome i denne situasjonen, seier ho.