Dei to polske brørne på 37 og 35 år er tiltalte for å ha sett fyr på Hotell Lune huler i Lindås i desember 2015.
Det skjedde dagen etter at det blei klart at hotellet skulle bli asylmottak for einslege mindreårige. Delar av hotellet brann ned til grunnen.
I dag vart det klart at aktor legg ned påstand om sju år for den eldste broren og seks for den yngste, skriv BT.
Forsvararane til dei to brørne seier til NRK at dei vil be om full frifinning.
– Burde visst folk låg i bygget
Statsadvokat Benedikte Høgseth meiner dei to bør bli straffa for mordbrann, og at dei burde visst at det kunne vore folk i bygget.
– Vi meiner at dei tiltalte må ha visst at det budde folk der. Dei er i nærleiken, og såg at folk flytta inn og ut derfrå, i tillegg til at dei som budde der disponerte ein bil som sto parkert framfor bygget, seier ho i retten, ifølge BT.
Dei to har sagt dei ikkje hadde noko med brannen å gjere, og forsvararane har peika på at politiet har få konkrete bevis å gå etter.
Undervegs har mellom anna ein dommar i lagmannsretten sådd sterk tvil om bevisa i saka.
- Les meir:
FRYKTA ASYLMOTTAK: Den tiltalte 37-åringen, som ifølgje aktor var den som planla brannen på Hotell Lune Huler, har tidlegare innrømma at han var skeptisk til etablering av asylmottaket i Lindås.
Foto: Fayruz Sado / NRK