Ber om fire nye veker i varetekt

Den utanlandske artisten og skodespelaren som er sikta for valdtekt og overgrep mot mindreårige jenter, blir måndag framstilt for fire nye veker i varetekt. Politiet fryktar at mannen, som har sete fengsla sidan byrjinga av juni, skal reise frå landet før saka kjem opp. Etter det NRK kjenner til skal politiet snart vere ferdige med etterforskinga. Dei vil truleg halde på mannen til saka kjem opp.