Samferdsleminister Liv Signe Navarsete meiner Kvinnherad må ofra delar av landskapet i bygda Nordrepollen for at ikkje arbeidet med Jondalstunnelen skal stoppa opp.
Revurdering seinare
Ho seier trasévalet kan vurderast på nytt seinare, men at kommunestyret i Kvinnherad i dag må vedta det forslaget som ligg på bordet.
- Det er viktig at Kvinnherad gjer eit vedtak som samsvarar med planen, seier ho.
Men samferdsleministeren har merka seg det store engasjementet for å finna traséløysingar som sparar miljøet.
Kvalitetssikrar to alternativ
Både på Jondalssida og i Nordrepollen i Kvinnherad er det ønskjeleg med andre alternativ enn dei som i dag ligg inne i planane.
Liv Signe Navarsete har difor lagd heilt uvanlege føringar for den eksterne kvalitetssikringa som no pågår.
- Eg har i dette spesielle tilfellet bestemt at me skal kvalitetssikra to alternativ på kvar side av tunnelen. Det vil gje eit handlingsrom til å koma attende dersom det viser seg at finansieringsplanen gir rom for det, fortel ho.
Utelukkar ikkje meir pengar
Når det gjeld spørsmålet om å auka Staten sin økonomiske innsats for å finna dei beste løysingane, vil ho ikkje utelukka dette.
- No gjenstår det å sjå kva dei endelege tala blir, og så må me koma attende til det, seier ho.
Saka lagd fram i vår
Samferdsleministeren trur heller ikkje saka blir nemneverdig forseinka fordi fleire alternativ skal greiast ut.
- Eg har framleis eit mål om å få leggja denne saka fram i vår. Dersom det ikkje dukkar opp noko uforutsett meiner eg at det skal vera mogleg, avsluttar Navarsete.
Kommunestyret i Kvinnherad skal seinare i dag ta stilling til trasévalet for Jondalstunnelen.