Lensmann Asle Karoliussen håpar å starte dei tekniske undersøkingane i neste veke.
Ein
torsdag ettermiddag.– Vi ynskjer å gjere ein så god jobb som mogleg og bruke den beste kompetansen som er, seier lensmannen og håpar å få svar frå Kripos onsdag.
Førebur undersøkingane
Karoliussen presiserer at det ikkje er noko som tyder at det har skjedd noko kriminelt.
– Vi har åstadsgranskarar i distriktet, men grunna ferieavvikling har vi bede Kripos om hjelp, seier han.
Politiet starta i dag førebuinga til den branntekniske undersøkingane i brannruinen.
LENSMANN: Asle Karoliussen presiserer at det ikkje er mistanke om noko kriminelt, sjølv om Luster lensmannskontor ber Kripos om hjelp til brannetterforskinga.
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK– Vi er i gang med å sikre brannstaden for å gjennomføre ei åstadsgransking når det er mogleg. Vi må ta ned ein del bygningsmateriell som er til fare for dei som skal jobbe i branntomta, seier Karoliussen.
Trur dei kan få svar
Brannen vart
. Fleire vitne er avhøyrde, men lensmannen ynskjer ikkje å gå i detalj om kva som har kome fram.- Les også:
– Vi har avhøyrt dei første brannmenn som kom til staden, og andre som kan komme med informasjon om det som skjedde rett før hendinga. Vi meiner det er grunnlag for å tru at vi kan trekkje ut ein arnestad og kanskje få kunnskap om kva som er brannårsaka, seier Karoliussen.
– Kor krevjande blir den branntekniske undersøkinga?
– Det er vanskeleg å seie. Delar av bygningen er intakt, sett i høve til veggar og inventar. Det er mest skade på 2. etasje, men vi håpar at bygningsmassen er slik at vi skal klare å trekkje ut ein arnestad og trekkje ut ein konklusjon.