Hopp til innhold

Fylkeslegen til kommunane om tilsetjing av legevikarar: Skjerp dykk!

Kommunane kan no vente seg fleire tilsyn frå Fylkesmannen der det vert sjekka korleis dei handterer tilsetjing av legevikarar. For no ber fylkeslegen kommunane om å skjerpe seg.

Per Stensland

SKJERP DYKK: Kommunane er nøydde til å ta tilsetjingsprosedyrane meir på alvor, seier fylkeslege Per Stensland, etter fleire tilfelle av det han seier er dårlege tilsetjingar. Det kan ha skjebnesvangre konsekvensar å ikkje gjere denne jobben skikkeleg, seier fylkeslegen.

Foto: Arne Stubhaug

– Det har vore fleire episodar der spesielt legevikarar på legevakt har fungert dårleg. Nokre har vore rusa, nokre har vore inkompetente. Dersom vi skal unngå dette i framtida er dei nøydde til å ta tilsetjingsprosedyrane meir på alvor, seier fylkeslege Per Stensland.

– Enkle tiltak

I løpet av dei siste halvåret har det kome fram fleire tilfelle der legevikarar har vore rusa på jobb, eller ukvalifiserte til å arbeide som legar.

Fylkeslegen seier kommunane ikkje har vore årvakne nok, fordi dei har tilsett personell som ikkje har vore eigna til å ta ansvar i legevakt.

Det skal ikkje mykje til for å unngå dårlege tilsetjingar, seier Stensland.

– Eigentleg er det veldig enkle ting. Ein må sikre at ein har kontrollert referansane til legen som søkjer. Det må ein også gjere når det er snakk om vikariat, sjølv om legen berre skal vere der ein månad. Ein dårleg månad er farleg.

– Kan ha skjebnesvangre konsekvensar

Vidare seier fylkeslegen at kommunane må sjekke heilt banale ting som om søkaren har gyldig godkjenning som lege.

– Ein kan også slå opp og sjekke om legen har avgrensingar i lisensen, på grunnlag av ting som har skjedd i jobben som lege tidlegare, seier Stensland.

God dokumentasjon om tidlegare arbeidsforhold og utdanning er eit anna viktig punkt på lista frå Stensland. Han seier desse tiltaka er rutinar som gjeld for alle tilsetjingar, men ser seg likevel nøydd til å påpeike det.

– Vår erfaring er at i nokre tilfelle vert ikkje dette gjort. Det kan ha skjebnesvangre konsekvensar. No minner vi om det, seier han.