Ber justisdepartementet granske Hordaland politidistrikt

Tidlegare ordførar i heimkommunen til Monika Sviglinskaja (8) ber justisdepartementet undersøke om fleire saker er blitt dårleg etterforska. – Det er all grunn til å undersøke om dette er ei enkelt sak, eller om det er fare for at rettsikkerheita står på spel.

Ove Trellevik montasje Monika-saken

– FLEIRE SAKER KAN VERE DÅRLEG ETTERFORSKA: Ove Trellevik (H) ber justisdepartementet setje i gong ei gransking av Hordaland politidistrikt.

Foto: Montasje (Remi Presttun/NRK) / NRK/NTB Scanpix

I dag fortalde politietterforskar Robin Schaefer til NRK om då han forsøkte å ta opp feil i etterforskinga av dødsfallet til Monika Sviglinskaja (8) internt, utan å kjenne seg høyrt.

Monika Sviglinskaja

MONIKA (8): Åtte år gamle Monika Sviglinskaja blei funnen død heime i Sund i 2011.

Foto: Privat / NTB scanpix

Ove Trellevik (H) var ordførar i Sund kommune då åtte år gamle Monika Sviglinskaja blei funnen død i 2011. Han kan ikkje få fullrost mannen som sa frå då ingen andre gjorde det, nok.

BAKGRUNN: Alt om etterforskinga av Monika-saka

– Det er beundringsverdig at det finst folk som har så stor integritet at dei torer å seie frå. Det er svært krevjande å stikke hovudet fram og seie noko heilt anna enn kollegaene gjer. Motet hans gjer at me no kan løfte blikket og sjå om politiet er godt nok organisert, seier Trellevik.

Ber om ei gransking av politiet

Etter at rapporten frå Riksadvokaten i sist veke slo fast at Hordaland politidistrikts etterforsking av Monika saka var for dårleg, stiller Trellevik spørsmål ved om fleire saker kan ha blitt lagt bort utan å bli etterforska godt nok.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch og arbeidsgruppen

FEKK MONIKA-RAPPORT: Riksadvokat Tor-Aksel Busch fekk måndag overlevert rapporten frå arbeidsgruppa, leia av Bjørn Soknes (nr. 3 f.v.)

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Rapporten var slåande og skremmande. Det var vondt å lese at menneske, flinke etterforskarar og folk, som gruppe ikkje evnar å løfte blikket, men blir einspora og følgjer straumen der den går.

Trellevik ber no om at justisdepartementet undersøker om rapporten frå riksadvokaten er dekkande nok, samt set i gong ei gransking av Hordaland politidistrikt.

LES OGSÅ: Kritiserer politiet etter Os-drapet | Politiet ser på Shilan-saken på nytt

– Dette kan ikkje vere eit enkelt tilfelle

Trellevik tek no Monika-saka opp i spørjetimen på Stortinget. I eit spørsmål til justisministeren spør Trellevik:

«Vil Statsråden vurdere, og setje i verk tiltak i Hordaland for å få kunnskap om dei utfordringar som er avdekka kan gjelde fleire saker, og at eventuelle tiltak også kan få gyldigheit i heile landet?»

– Eg kan ikkje forstå at dette kan vere eit enkelt tilfelle. Det er all grunn til å undersøke om dette er ei enkelt sak, eller om det rett og slett er fare for at rettsikkerheita står på spel, seier Trellevik.

LES OGSÅ: - Har mista tilliten til politiet | Mener Monika-saken viser behov for færre politidistrikt