Hopp til innhold

Ber Hordaland vise storsinn i milliardkrangelen om nye Vestland

– Hordaland må vise meir storsinn overfor Sogn og Fjordane for å få løyst den fastlåste milliardkrangelen i nye Vestland fylke, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) frå Hordaland.

Statsminister Erna Solberg i Stortingets spørretime.

OPPGITT: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) frå Hordaland er oppgitt over at politikarar frå Hordaland har gått i strupen på Sogn og Fjordane i samband med det nye Vestland fylke.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Toppe har ikkje sans for at ei rekkje politikarar frå hennar eige heimfylke har gått ut med krass kritikk mot Sogn og Fjordane i striden om Sogn og Fjordane skal få behalde sine eigne kraftinntekter.

Toppe, som er oppvaksen i Åsane ved Bergen, er heilt på line med partikollega Liv Signe Navarsete frå Sogn som meiner Sogn og Fjordane i størst mogleg grad må få behalde sine eigne kraftinntekter i nye Vestland.

Kjempar om mange milliardar kroner

Medan Hordaland meiner taket på kor mykje Sogn og Fjordane kan halde for seg sjølv er 1,5 milliardar kroner, meiner Sogn og Fjordane at det er bokførte verdiar som skal gjelde. Dermed kan summen bli mykje høgare enn 1,5 milliardar kroner. Partane er sterkt usamde om korleis dei skal tolke den inngåtte intensjonsavtalen.

– I denne prosessen er det Sogn og Fjordane som har vore veslebror og der har det vore størst skepsis mot samanslåing. Vi må vise storsinn og respektere krava deira. Vi kan ikkje ha ei haldning der Hordaland er seg sjølv nok, seier Toppe.

Ho trur ikkje det ville vorte fleirtal i Sogn og Fjordane for å gå inn i nye Vestland dersom dei ikkje får behalde kraftinntektene sine sjølv.

– Hadde Hordaland sitt krav om eit øvre tak på 1,5 milliardar på kraftinntektene kome opp tidlegare, ville det truleg ikkje vorte noko samanslåing. Sogn og Fjordane har ei veldig god sak, seier ho.

– Piskar opp stemninga

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland (upolitisk etter å ha meld seg ut av KrF) er opprørt over utspela frå Toppe og Navarsete.

Pål Kårbø

PROVOSERT: Det kan verke som Kjersti Toppe og Liv Signe Navarsete sin agenda er å påske opp stemninga for å øydeleggje heile regionreforma, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø frå Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg opplever at både Kjersti Toppe og Liv Signe Navarsete sin agenda er å piske opp stemninga for å øydeleggje heile regionreforma. Kvar gong det blir gjort framsteg kjem Senterpartiet med krasse utspel, seier han.

– Men har ikkje Toppe eit poeng når ho poengterer at Hordaland må vise meir storsinn mot veslebror Sogn og Fjordane?

– Då vi sat og forhandla med Sogn og Fjordane opplevde eg at vi var to likeverdige partar. Det er ikkje slik at den eine parten heile tida må gje meir. Eg kjenner meg ikkje igjen i måten Sogn og Fjordane tolkar innhaldet i intensjonsavtalen, seier Kårbø.

– Så du føler deg lurt av Sogn og Fjordane?

– Media hadde sikkert likt at eg fortel at eg føler meg lurt. Eg er meir oppteken av å finne løysingar her. Eg har framleis tru på at vi skal kome til semje, men då må begge partar gje noko, seier han.

Glad for støtte

Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, er svært glad for støtta frå Kjersti Toppe.

– Det er veldig gledeleg med støtte frå Hordaland. Det er full semje i Senterpartiet i denne saka, seier han.