– Det er sendt ut melding til alle jaktvalda der ein ber jegerane om å følgje med i terrenget og vere observante på kadaver eller rovdyr, seier Ove Sørestrand til NRK.
Som leiar i beitelaget for nordsida i Høyanger kommune følgjer han spent med på undersøkingar som no vert gjort i fjellområda der han og andre bønder har fleire tusen sauer.
– Vi håpar at alle jegerane blir med på å sjå etter beitedyr og rovdyr, seier Sørestrand.
Truleg ulvedrap
Dei siste dagane er det funne tre sauekadaver og minst eitt av dei er mest truleg drepe av ulv, stadfestar regionalt rovviltansvarleg hjå Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.
– Sauekadaveret eg sjekka på onsdag hadde bittskadar som ikkje heilt utelet ulv, seier Golf.
Ein einsleg ulv har vore i fjellområda i Fjaler, Høyanger og Hyllestad sidan i fjor sommar, men mange trudde at ulven no hadde vandra vidare. Det syner seg mest truleg ikkje å stemme.
– Vi har fått overraskande lite meldingar i sommar. Vi veit jo at det har vore ein ulv her og vi hadde venta at det kom meir meldingar på funn av sauer. Men no er truleg ulven i området igjen, meiner rovviltkontakten.
Vurderer fellingssøknad
Han stadfestar også at fleire har sett dyr i fjellet som kan vere ulv, men at det er usikre observasjonar.
I Hyllestad og på nordsida i Høyanger er det nær 5000 sauer på utmarksbeite og bøndene hadde håpa at ulven no hadde funne nye jaktmarker.
– Vi er klare til å sende ein søknad om skadefellingsløyve dersom vi får stadfesta at det er ein ulv i området. Det er minst 40-50 sauer i området som ikkje er gjort greie for, seier sauebonde og beitelagsleiar Ove Sørestrand.