Hopp til innhold

Ber folk senda bekymringsmeldingar på nytt

Kommunen har lite informasjon om innhaldet i 21 av dei 24 forsvunne barnevernsmeldingane. No ber dei meldarar ta kontakt på nytt.

– Me veit dessverre lite om 21 av dei, seier byråd Line Berggreen Jacobsen. Kommunen har informasjon om kva bydel meldingane har kome frå og når dei er sendt inn. Dette har kommunen publisert eit oversyn over på nettsidene sine.

– Me oppmodar dei som har meldt inn bekymringsmeldingar på desse tidspunkta og datoane om å gjera det på nytt og å kontakta kommunen, seier byråden. Dei som kjenner att tidspunkta på lista blir bedne om å kontakta barnevernstenesta i det aktuelle byområdet.

Det er dette som er dei 21 forsvunne meldingane:

25.02.2021 13:03:46 Bergenhus/Årstad

01.06.2021 10:42:25 Bergenhus/Årstad

09.09.2021 14:35:40 Fana/Ytrebygda

25.10.2021 13:21:28 Fana/Ytrebygda

25.01.2022 12:21:26 Fana/Ytrebygda

01.02.2022 10:39:57 Fana/Ytrebygda

09.02.2022 09:39:01 Fana/Ytrebygda

18.02.2022 14:47:10 Fana/Ytrebygda

04.04.2022 15:27:39 Bergenhus/Årstad

22.04.2022 10:53:10 Bergenhus/Årstad

28.07.2022 10:27:10 Bergenhus/Årstad

04.11.2022 13:33:16 Arna og Åsane

20.12.2022 13:41:36 Fyllingsdalen/Laksevåg

06.01.2023 15:17:26 Arna og Åsane

06.02.2023 09:49:06 Fyllingsdalen/Laksevåg

31.03.2023 13:47:25 Bergenhus/Årstad

31.03.2023 14:51:26 Fyllingsdalen/Laksevåg

03.04.2023 14:55:23 Bergenhus/Årstad

18.04.2023 14:48:18 Fyllingsdalen/Laksevåg

27.04.2023 11:57:03 Fana/Ytrebygda

02.05.2023 14:27:22 Fyllingsdalen/Laksevåg