Ber folk møte opp som avtalt

Det er ikkje fare for liv og helse, men pasientar kan kome til å merke streiken, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen Erik Vigander til NRK. Sekretærar, arbeidsleiarar og andre i driftsteknisk divisjon i Helse Bergen er tatt ut i streik. Han ber folk møte opp som avtalt til timar i dag.