Hopp til innhold

Ber distriktskommunar forsone seg med fråflyttinga: – Nokon kjem til å vere taparar

HØYANGER (NRK): Etter at hundrevis av arbeidsplassar er borte på få år, ser industribastionen mørkt på målet om folketalsvekst. Ekspertar meiner norske distriktskommmunar må ta innover seg realitetane.

Høyanger

HØYANGER: Lokalsamfunnet er blant dei mest fråflyttingsråka kommunen i landet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg synest det er forferdeleg, forferdeleg trist. Barnetalet går ned, det blir jo mindre folk.

Berit Oma og dei andre ved kafeborda i Høyanger i Sogn kjenner på den dystre stemninga.

Denne månaden kom beskjeden om at hjørnesteinsbedrifta Nyrstar stenger fabrikken, 40 personar mister jobben. Det skjer på toppen av at kommunen dei siste åra har tapt hundrevis av industriarbeidsplassar og at folketalet stuper.

– Stemninga er laber, det er mange arbeidsplassar og verst for ungdomen, seier Arne Johan Lyeng.

Arne Johan Lyeng til høgre

MISTAR JOBBEN: Arne Johan Lyeng (t.h.) har nettopp fått vite at jobben ryk for andre gong på 12 år. Snart pensjonerer han seg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Lokalsamfunna må ta innover seg realitetane

Direktør i det statlege Distriktssenteret Marit Mellingen ber lokalsamfunna ta innover seg realitetane, i staden for å setje seg urealistiske mål om å snu trenden.

– Vi anbefaler at kommunane vel seg fleire mål for si utvikling i tillegg til folketalsvekst. Det kan vere å bli god på eldreomsorg, folkehelse, kultur eller næringsutvikling. Dermed kan dei skape framtidstru og bevisstheit om at her er det godt å leve og bu, sjølv om folketalet ikkje aukar, seier Mellingen.

SSB meiner 140 kommunar her til lands vil få færre innbyggarar dei neste 30 åra. Sterk nedgang i folketalet vil vere som forventa mange stadar.

Mellingen er uroa for at kommunane set seg urealistiske mål om å snu trenden.

– Ein kan jo risikere at ein ikkje torer å snakke om folketalsnedgang, fordi ein er redd det blir ein sjølvoppfyllande profeti. At ein skapar ein pessimisme som fører til manglande utviklingskraft, seier ho.

Marit Mellingen

REALISME: Direktør ved Distriktssenteret Marit Mellingen

Foto: Arne Stubhaug / NRK

SSB: – Nokon må tape kampen om tilflyttarar

Ei stikkprøve Distriktssenteret har gjort i tidlegare Sogn og Fjordane syner at nesten alle kommunane har konkrete mål om folkevekst.

Men mange kommunar må forsone seg med at dei ikkje vil klare det, meiner SSB.

Nasjonale framskrivingar syner rekordlåg folkevekst. Bakteppet er låge fødselstal, låg innvandring og ei eldrebølgje som treff Noreg for fullt.

– Skal ein få fleire innbyggarar ein stad, så må ein ta det frå ein annan kommune. Nokon vil vere vinnarar, andre kjem til å vere taparar i den kampen, seier forskar Sturla Løkken i SSB.

Ordførar: – Kan ikkje lenger love å snu trenden

Ordførar i Høyanger Petter Sortland (Ap) seier utviklinga har gått utover sjølvtilliten til eit lokalsamfunn med tradisjon for å vere eit industrisamfunn i vekst.

– For tre-fire år sidan skreiv vi i planane våre at vi skulle få auke i folketalet, så ser vi at det har gått stikk motsett veg, seier Sortland.

Petter Sortland (Ap)

REALITETSORIENTERING: Ordførar Petter Sortland (Ap).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På 60-talet budde det 5500 menneske her, no er det så vidt over 4000. SSB ventar at talet fell til 3500 om 30 år.

Vestland fylkeskommune går endå lenger og varslar at berre 2700 kjem til å bu i Høyanger i 2050.

– Det er klart at vi også stiller oss spørsmål om vi ikkje skal ta realitetane innover oss. Kanskje skal vi heller satse på å lage eit svært godt samfunn for dei som vil bu her, og sjølvsagt vere opne for å vere verdas beste vertskap for dei som flyttar hit, seier Sortland.