Hopp til innhold

Ber bilistane vere obs på hjort

Så langt i år har politiet fått melding om 115 påkøyrde hjortar. I tillegg har dei fått fleire meldingar om skada og avmagra dyr på eller ved veg.

Påkøyrd hjort. Illustrasjon.
Foto: Andreas Solvik

Berre i dag blei tre hjortar påkøyrde. Ein hjort låg i vegbana like vest av Lavik fergekai på E 39 og ein hjort blei påkøyrd like før ferjekaia på Hella i Leikanger.

I Florø stakk ein hjort til skogs etter å ha blitt treft av ein personbil ved Brandsøy. Viltnemda blei varsla.

Politiet ber no bilistane vere merksame fordi det ferdast mykje dyr ved og på vegen på grunn av store snømengder mange stader.