Ber alle i fjellet å vere varsame
Både Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og NVE ber alle som skal halde seg i fjellet i helga om å vere varsame. Det er meldt mykje dårleg vêr og betydeleg snøskredfare. Med uvêr og dårleg sikt er det ekstra krevjande å vere i fjellet, då er det viktig å halde god avstand til skredterreng.