Hopp til innhold

Bensintjuv må i fengsel

Ein mann som fleire gangar har stukke av frå bensinstasjonen utan å betale for drivstoffet er no dømd i Fjordane tingrett.

Nordfjordingen i 20-åra er også dømd for å stole ein sofa frå eit husvære, i tillegg er han mannen bak ei rekkje andre tjuveri.

Retten finn ingen formildande omstende, og har dømd mannen til 30 dagar i fengsel. Han må også betale fleire personar erstatning.