Bensinprisen mot rekordhøgder

Prisen på drivstoff har auka jamnt og trutt den siste tida, og bensinprisen ligg no like under 15 kroner i Sogn og Fjordane - i Vik har dei passert det magiske 15-talet.

Dieselfylling - Fredrik Fjørstad

ALTFOR DYRT: Fredrik Fjørstad fyller diesel til 14,12 for literen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fredrik Fjørstad fylte diesel på Esso i Førde onsdag, og han er ikkje særleg nøgd med prisen på 14,12 for literen.

– Det er altfor høgt, ein pris på rundt 11 kroner hadde vore rimeleg. Vi er trass alt ein oljenasjon. Dessutan er kollektivtilbodet ikkje så godt på våre kantar, så eg meiner drivstoffprisane burde vere lågare ute i distrikta.

Onsdag er listeprisen for 95 oktan bensin 14,83 i Statoil-systemet, og det er den høgaste listeprisen selskapet har hatt, skriv e24 . Og mange stader i Sogn og Fjordane er prisen høgare enn dette.

Over 15 kroner i Vik...

I Vik hadde Vik Bil onsdag ein pris på 15,05 for 95 oktan bensin og 14,36 for diesel. Mange andre stader låg bensinprisen rett under 15 kroner, berre Måløy Bensin i Vågsøy skilde seg ut med 13,99 for bensin og 13,59 for diesel.

Her er prisane på ein del stader i Sogn og Fjordane onsdag:

  • Solund Center på Hardbakke i Solund: 14,98 for bensin, 14,35 for diesel.
  • Vik Bil i Vik: 15,05 og 14,36
  • Sogndal Bilistsenter - Shell: 14,48 og 14,27
  • Statoil på Jølstraholmen: 14,85 og 14,27
  • Statoil på Nordfjordeid: 14,95 og 14,28
  • Måløy Bensin i Vågsøy: 13,99 og 13,59
  • Førde, Shell: 14,63 og 13,97
  • Førde, Esso: 14,78 og 14,12
  • Førde, Statoil: 14,81 og 14,12
  • Førde, Best: 14,76 og 14,20

Samstundes går det an å få både bensin og diesel til under 12 kroner enkelte andre stader i landet.

På Gjelleråsen nord for Oslo var dieselprisen onsdag på 11,97.

... og det blir dyrare

Alt tyder på at prisen på pumpene kjem til å stige endå meir når effekten av den rekordhøge listeprisen kjem ut til forhandlarane. Om kort tid kan langt fleire enn bilistane i Vik sjå 15-talet på pristavlene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Esso-stasjonen i Førde

NÆRMAR SEG 15 KRONER: Bensinprisen på Esso i Førde er 14,78.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Slutt på priskrig i Førde

I Førde var det inntil i fjor priskrig på drivstoff, det gjorde at bilistane på enkelte dagar i veka kunne sikre seg bensin eller diesel til prisar godt under det som var vanleg elles i Sogn og Fjordane.

Men no er priskrigen avblåst.

– Konkurrentane våre har slutta å fylgje oss i galoppen, slik at vi no ligg konstant rundt 15 øre under dei tre andre. Når dei ikkje går ned så går heller ikkje vi lengre ned med våre prisar, seier Magnor Hornnes, som driv Shell-stasjonen.

Onsdag hadde Shell i Førde ein bensinpris på 14,63, medan naboen Esso låg på 14,78, Statoil 14,81 og Best 14,76. Og Hornnes seier at han har fått ein stor auke i salet av drivstoff sidan han tok over Shell-stasjonen for fire år sidan.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magnor Hornnes

PRISKRIGEN AVBLÅST: Magnor Hornnes driv Shell-stasjonen i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Lite reaksjonar

For nokre år sidan var det svært sterke reaksjonar på drivstoffprisane då bensinprisen låg rundt 12 kroner. Men no er det sjeldan det kjem dei store reaksjonane på prisane, seier Hornnes.

– Folk har vent seg til prisnivået. Dei må akseptere at prisane er som dei er og må betale det det kostar. Det er prisauke på alle felt, og kanskje er det ikkje bensin og diesel som stig mest.

Men Fredrik Fjørstad, som til slutt enda på kr 524,70 for dieselfyllinga si, synest iallfall det er for dyrt.

– Vi er trass alt ein del av samfunnet vi som er avhengige av privatbilen og.

Han får støtte av Jarle Undeland, som i dag fylte diesel på Shell.

– Opp mot 15 kroner literen er altfor mykje. Vi som bur ute i distrikta burde ha fått det rimelegare.

Jarle Undeland fyller diesel

FOR DYRT: Jarle Undeland meiner det burde vore billegare drivstoff i utkantstrok.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK