Hopp til innhold

Bellona vil ha nullutslepp i turistfjordane

Norske cruisehamner kjem til å vere proppfulle av turistar og cruiseskip til sommaren. No vil Bellona ha fortgang i arbeidet med å gjere næringa grønare.

Aurlandsfjorden frå Stegastein

POPULÆR DESTINASJON: Aurlandsfjorden er ein populær turistdestinasjon, men dei store turistmengdene fører også med seg utslepp knytt til cruisenæringa.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Særleg i verdsarvfjordane Nærøyfjorden og Geirangerfjorden er det no stappa fullt med cruiseskip, og desse båtane er ikkje blant dei mest moderne. Det seier Jan Kjetil Paulsen i miljøstiftinga Bellona.

I verste fall fryktar han at det kan ende med at fjordane mister verdsarvstatusen sin, om det ikkje vert gjort fleire tiltak.

– Når vi ser bilete av røykskyene over Geiranger og Aurland, så tenkjer eg at dette vil vi ikkje ha. Om det held fram trur eg vi risikerer å miste verdien desse plassane har som turistdestinasjon.

Paulsen ser til dømes føre seg at dei store cruiseskipa ikkje treng å kome heilt inn i fjordane slik dei gjer i dag.

– Kvifor kan vi ikkje heller ha cruiseskipa lenger ute i fjordane, så kan ta turistane bli frakta inn til bygdene i mykje meir miljøvenlege båtar?

Bellona vil også ha reguleringar på kor fort cruiseskip kan køyre inne i fjordane, kor mykje røyk dei kan sleppe ut og ei grense på kor mange som får lov til å kome inn til fjordbygdene kvar dag.

Vil ha ein ambisjon om nullutslepp

Dei neste åra håpar Bellona at cruisedestinasjonane kan ta steget heilt ut og bli nullutsleppssoner.

– Vi trur det beste er å vere føre var, og utvikle nullutsleppsløysingar for desse fjordane. Teknologien er der allereie i dag, med både batteribåtar og hydrogenbåtar.

Les også: Fleire stader er så populære at det snart er fullt.

Ordføraren i Aurland, som er kommunen der verdsarvfjorden Nærøyfjorden ligg, seier det er viktig at miljøtiltak ikkje stoggar den viktige cruisenæringa i regionen.

– Vi er samde i at ein må jobbe mot lågare utslepp, men det er og viktig at det ikkje går utover cruisetrafikken, for den er veldig viktig for oss.

Nærøyfjorden - Fjord Norge

IDYLL: Nærøyfjorden er ein av to fjordar som står på UNESCO si liste over verdsarvstader. Den andre er Geirangerfjorden på Sunnmøre.

Foto: Katrin Moe

Fekk nei til å satse på landstraum

Distad fortel at det vert jobba på fleire plan for å forsøke å gjere cruisedestinasjonen Aurland grønare.

Noralv Distad
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har jo mellom anna forsøkt å få til eit landstraumanlegg. Det ville ha ført til at båtane ikkje hadde trengt å stått med motoren på heile tida medan dei ligg til kais. Her har vi diverre ikkje nådd opp hos myndigheitene endå.

Det har også vore tale om at Sjøfartsdirektoratet kan kome med strengare reguleringar på kor mykje utslepp det kjem frå cruisebåtane.

– Men då er det veldig viktig at dette skjer samstundes på alle dei ulike cruisedestinasjonane, slik at det ikkje vert konkurransevridande, seier Distad.