Andreaasen seier til VG at han ønskjer ei vurdering av kvar ein skal ha lager for slik motgift og kor mange dosar som skal vere tilgjengeleg.
- LES OGSÅ:
I dag har mellom anna Luftambulansen i Bergen ein pakke, og ein i legeambulansen.
I tillegg skal det oppbevarast fire pakkar i akuttmottaket på Haukeland.
Andreassen seier til avisa at det ikkje skal ha vore mangel på motgift mot gassen etter brannen i Gudvangatunnelen, men at Haukeland universitetssjukehus bestilte seks ekstra dosar då dei fekk melding om brannen.
- LES OGSÅ:
Også det nasjonale senteret som mellom anna har medisin mot kjemisk skader, NBC-medisin vart kontakta for å ha fleire dosar motgift tilgjengeleg.
Dei to fekk motgift etter å ha fått livstruande cyanidforgiftning etter å ha pusta inn den livsfarlege røyken. Begge pasientane har fått behandling ved Haukeland universitetssjukehus.