Hopp til innhold

Florø vann 1-0 borte mot Førde

Stefan Aase gav Florø leiinga 1-0 like før 20 minuttar var spelt. Fleire mål vart det ikkje, og Florø kan reise heim med tre poeng. Før kampen prata NRK med to nervøse ordførarar.

Florø jublar for siger
Foto: Rune Fossum / NRK

Ordførarane i både Førde og Florø trur på siger i kveldens lokaloppgjer på Førde Stadion.

Men Førde-ordførar Olve Grotle trur det blir tøft.

– Vi skal ikkje leggje skjul på at det står respekt av Florø sine prestasjonar i det siste, mellom anna ved å banke Hødd. Så skal vi vere ærlege kan sjølvsagt resultatet gå i alle retningar.

– Dei må reise heim utan poeng

Medan Førde har seks poeng etter fire serierundar, har Florø berre fem poeng. Og Grotle, som sjølv skal selje billettar og pølser, trur på Førde-siger.

– Eg håpar Førde vil trekkje det lengste strået. Eg håpar og trur at våre venner i Florø reiser tilbake til perla i Vest utan poeng i dag.

– Du skal ikkje spele?

– Nei da hadde i alle fall våre vener i Florø reist tilbake med tre poeng.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø suppotarar

MEST Å JUBLE FOR: Florø-supporterane kan reise nøgde heimover

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi reiser heim med alle tre poenga

Ordførarkollega i Florø, Bengt Solheim Olsen, gler seg til kveldens seriekamp som han trur blir tøff.

– Det vert ein tett og jamn kamp, der det beste laget vinn, seier han.

Det er nyopprykka Florø som har imponert mest i år. Laget slo Førde ut av cupen og vann heile 5-1 mot Hødd på Høddvoll i andre runde i NM.

– Laget lengst frå vest tek alle tre poenga, seier ordføraren sjølvsikkert.

– Det er ingenting som er betre enn å slå Førde?

– I fotball er det i alle fall ikkje det, seier Solheim Olsen.