Hopp til innhold

Bebuarane på sjukeheimen kjende seg totalt isolerte – så tok dei tilsette grep

Over 200.000 eldre er heilt «analoge». Desse treng no hjelp for å ikkje bli heilt kopla frå familiane sine.

Borghild (99) får endeleg sjå oldebornet Melody på 4.

Borghild Myrekrok (99) fekk endeleg sjå oldebarnet sitt Melody (4) igjen, då sjukeheimen hennar gjekk til innkjøp av iPad-ar. Det var første gongen Borghild har prata med nokon på denne måten.

Foto: HØYANGER KOMMUNE

– Eg skulle ha vore innover til påske, men det kan eg jo ikkje. Då er det er godt å vite at ho ikkje er fullstendig isolert, seier dotter Marit om Ragnhild Torkildsen (94) som bur på Høyanger sjukeheim.

Der har nemleg dei tilsette gått til innkjøp av iPad-ar og telefonar for å sørge for at bebuarane får moglegheita til å sjå sine nære. Saka vart omtalt først i avisa Ytre Sogn.

Sjølv om mange kjenner seg einsame under koronakrisa, er det vanlegvis dei eldste i samfunnet som er mest utsette. Med hundre tusen av eldre i karantene eller isolasjon, utan moglegheit til å ha kontakt med omverda, er det mange som kjenner seg ekstra åleine no før påske.

Rørande gjenforeining

Institusjonsleiar Sonja Myrekrok ved Høyanger sjukeheim fortel at det har vore nokre krevjande veker.

Sjukeheimar rundt om i Noreg er stort sett stengt for omverda, og mange pasientar kjenner på saknet av familie og pårørande. Difor vart det bestemt at dei tilsette skulle gå aktivt til verks for å sørge for at bebuarane fekk sjå sine nære – via program som Skype og Facetime.

Høyanger sjukeheim sørger for at bebuarane vert ein del av omverda.

LUKKE: Ragnhild Torkildsen (94) på Høyanger Sjukeheim får hjelp av tilsett Ingrid Lønne til å sjå familien sin igjen. Over 200.000 eldre treng hjelp til å nytte seg av digitale verktøy, og er ekstra isolerte frå omverda i denne tida.

Foto: HØYANGER KOMMUNE

Med innkjøp av iPad-ar og telefonar i sving, kan Myrekrok fortelje om rørande «gjenforeiningar».

– Det var nokre fantastiske augneblikk når dei eldre fekk sjå sine att. Det var medan anna ei på 99 år i går, som snakka med oldebarnet sitt. Dei koste seg og lo. Ho hadde aldri brukt noko slikt før, men det var ikkje noko problem for oss å hjelpe til, seier ho.

Sonja Myrekrok.

AUDMJUK: Institusjonsleiar Sonja Myrekrok ved Høyanger sjukeheim er takksam for alle dei gode tilbakemeldingane dei har fått frå pårørande. – Me skulle gjort dette for lenge sida, seier ho.

Foto: PRIVAT

– Ein ser at det betyr så mykje for så mange. Og dersom dette kan bidra til å gjere ting litt lettare, så er det heilt fantastisk.

Og for dei pårørande gjorde det etterlengta møtet minst like godt.

– Vi er veldig takknemlege. Eg kjenner meg veldig trygg på at ho har det godt der inne no, seier Marit Torkildsen.

– Skulle gitt dei ein klem

Ein av dei som også er opptatt av å overvinne einsemd i desse dagar er generalsekretæren i Pensjonistforbundet, Harald Olimb Norman. Han fortel at mange eldre kvir seg ekstra til påska i år.

– Ein ser gjerne at dei som er inne i digitalverda, og kan Skype med familie og barnebarn, klarar seg greitt.

– Men så har me i alle fall 200.000 alderspensjonistar som er heilt analoge og som no kjenner seg veldig isolerte. Mange av dei har likevel fasttelefon, så det er viktig å bruke han godt, seier han.

Han fortel at forbundet har kontakta sine rundt 6000 tillitsvalde. Desse ringer no rundt til medlemmane for å høyre korleis dei har det.

Difor hyllar Norman initiativet til dei tilsette på Høyanger sjukeheim, for alt det er verdt.

– Hadde eg fått lov no, så skulle eg dratt rett dit og gitt dei ein klem. Eg meiner at statsministeren burde få høyre om dette og ta det opp på neste pressekonferanse. Det er akkurat slik ein må gjere det for at bebuarane skal vere i kontakt med familien sin, seier han.

Generalsekretær pensjonistforbundet, Harald Olimb Norman

RØRT: Generalsekretær Harald Olimb Norman i Pensjonistforbundet er rørt over engasjementet til dei tilsette på Høyanger sjukeheim. Han meiner dei tilsette statuerer eit godt eksempel for korleis ein kan overvinne einsemd for eldre.

Foto: privat