Batteriferjer forseinka etter brann

Fleire ferjesamband må vente med å setje inn batteriferjer etter brannen i ferja MF «Ytterøyningen» i oktober i fjor. Det skriv Sunnhordland. Både sambandet Skånevik-Matre-Utåker, Utne-Kinsarvik og Kvanndal-Utne i Hardanger er råka av forseinkingane.