Hopp til innhold

Batteriferja hang fast i ladestasjonen

MF «Gloppefjord» kom seg ikkje frå kai på Lote-sida av ferjesambandet Anda-Lote på E39 onsdag ettermiddag, etter at ein ladeplugg hang seg fast.

MF «Gloppefjord» står fast

TRØBBEL: MF «Gloppefjord» fekk ikkje kopla seg frå ladestasjonen.

Foto: Jon Ivar Lote

Fleire innringarar fortel til NRK at dei har venta i lengre tid på at ferja skal få lagt frå kai. Årsaka skal vera at ein ladeplugg hang seg fast. Like før klokka 17.30 fekk dei løyst problemet og ferja er no tilbake i normal drift.

MF Eidfjord måtte vente på at MF Gloppefjord fekk seg laus frå ladebolten

PÅ VENT: MF «Eidsfjord» måtte vente ute på fjorden medan MF «Gloppefjord» fekk orden på dei tekniske problema.

Foto: Jon Ivar Lote