Hopp til innhold

Batteribåt får ikkje lade

The Fjords sitt nye fartøy «Vision of the Fjords» vil ikkje kunne kople seg til straum i Gudvangen slik som tenkt den 1. juni.
Helge Morten Vangen i Aurland Energiverk seier til Aurlendingen at tele i jorda og formelle tilpassingar gjer at arbeidet har teke lengre tid enn planlagt. Dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik, seier dei likevel håpar å komme i rute som planlagt med den miljøvenlege fartøyet på Nærøyfjorden.