Hopp til innhold

Båtfolket tok imot kongeparet i Florø – her er dronningas eigne bilete

Kongeparet er på si første offisielle reise i Noreg sidan pandemien braut ut. Torsdag foreviga dronninga sjølv augneblinken då veteranbåten «M/S Atløy» følgde kongeskipet inn til kystbyen Florø.

M/S Atløy følgde kongeskipet inn til Florø

FINT FØLGJE: «M/S Atløy» og fleire private båtar følgde kongeskipet til Fugleskjærskaia i Florø.

Foto: H.M. Dronning Sonja

– Vi får håpe det blir ein brukande tur. Det er litt grått vêr og surt, men vi bryr oss ikkje om det. Vi køyrer på, seier Leif Kvalvik, formann i Atløys venner.

Den 90 år gamle fjordbåten «M/S Atløy» er pynta med bjørkeris. Flaggborga heng høgt og fritt. Kvalvik og resten av mannskapet tek imot kongeskipet nord for øya Rota.

– Kva betyr det å få vere med å møte kongen på vegner av Atløy?

– Det er no litt spesielt. Når vi fekk spørsmål om å stille ved Stabben fyr, gjer vi det, seier han.

Kongeparet sette tydeleg pris på følget. Dronning Sonja knipsa sjølv fleire bilete av «M/S Atløy» og private båtar som følgde kongeskipet inn til Fugleskjærskaia i Florø.

Private båtar følgde kongeskipet inn til kai i Florø

ETTER KONGESKIPET: Også folk i private båtar følgde kongeskipet til kai i Florø.

Foto: H.M. Dronning Sonja

– Elskar slott

Ingenting er overlate til tilfella når kongeskipet kjem, fortel skipper Rolf Grønnevik.

– Det første eg gjorde var å ta kontakt med øvstkommanderande på skipet, nest etter kongen. Så vart vi einige om rutinane for innseglinga, seier han.

Mannskapssjef Lasse Seim tek imot folk som kjem om bord med norske flagg. Alva på sju og eit halvt år og bestefar Bjørn Hollevik er klare til å helse kongeparet velkomne.

– Eg skal sjå på skipet til kongen og dronninga, fortel Alva.

– Kvifor gler du deg?

– Fordi dei bur i eit slott, og eg elskar slott, seier ho.

Marit Stang er også med om bord på «M/S Atløy», der ektemannen er med som mannskap.

– Eg får håpe eg får sjå dei. Eg har ikkje sett dei i levande live før, berre på TV. Eg skal vinke masse, ler ho.

Med korpsmusikanter spillende i regnværet ankommer kong Harald og dronning Sonja Florø torsdag.
Foto: Heiko Junge / NTB
Florø er siste stopp på vestlandsturen til kongeparet.

Møtte smittevernlegen

Klokka 11 la kongeskipet til kai på Fugleskjærskaia i Florø. På tilviste plassar kunne skule- og barnehagebarn i små kohortar helse kongeparet på veg gjennom byen.

Dette er den første offisielle reisa i Noreg sidan koronapandemien starta i mars i fjor. Kongeparet ønsker å høyre og sjå korleis lokalsamfunna har takla koronapandemien. I Florø kulturhus hadde dei samtaler med frivillige, kultur, næringsliv og smittevernlege Jan Helge Dale.

– Ein ting er å gi gode råd om smittevern. Men eg har også prøvd å gi gode råd om korleis vi kan leve så normale liv som mogleg med dei smittevernreglane vi har, fortalde Dale under møtet med kongeparet.

Florø er siste stopp på vestlandsturen til kongeparet. Dei har også besøkt Lærdal og Hyllestad denne veka.

M/S Atløy møter kongeskipet

OM BORD: «M/S Atløy» med mannskap og inviterte gjester om bord.

Foto: Harald Kolseth / NRK