Trålaren var lasta med 250 tonn makrell og all produksjon ved Domstein Selje er stoppa. Driftssjef ved Domstein i Selje, Asbjørn Bøstrand seier berginga inneber ein viss fare. - Det vil komme ein kran som skal halde imot mens ein lenser ut vatnet i maskinrommet. Elles er det fare for at han gå heil rundt, seie han.
Ingen personar har kome til skade, men "Paula" står no med baugen i veret og akterenden på botnen på 10 meters djup. Det fortel Birger Rundereim, som er tilsett ved Selje Fiskeindustri.
Arbeid i maskinrommet
Foto Inge Skavøypoll
Det tok omlag ein time frå vatnet tok til å strøyme inn i maskinrommet til akterenden nådde botnen. Årsaka til lekkasjen er uklar. Men det skal vere på det reine at ein maskinist heldt på med å arbeide med eit filter i maskinrommet på "Paula" då båten sprang lekk, og vatnet rann inn gjennom eit 30 cm stort hol.
Stogg i produksjonen
Det er no full stogg i produksjonen, og meir enn 60 tilsette er permitterte. Bedrifta kan ikkje ta imot fisk i fleire dagar framover.