Hopp til innhold

Skulebarna må til nabofylket for å lære seg å symje

SELJE (NRK): I 16 år har ikkje skulebarna fått symjeopplæring ved skulen sin. Garderobane som framleis er i bruk har ikkje fått eit løft sidan dei var nye i 1970.

Symjebassenget ved Selje skule

TOMT: I 16 år har symjebassenget ved Selje skule vore utan vatn. Elevar frå både Selje, Stadlandet og Flatraket må krysse fylkesgrensa for å få symjeopplæring.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– No må vi vurdere om ungane kan fortsetje å bruke garderobane etter gym, seier tobarnsmora Nanda Maria Maack.

Det manglande symjetilbodet og garderobar som er dårleg haldt ved like, bekymrar tobarnsmora og fleire av innbyggjarane i Selje, i ytre Nordfjord.

– Kan like godt dele ut redningsvestar

I 2018 fatta kommunestyret i det som tidlegare var Selje kommune eit vedtak om å sette i gong planar for rehabilitering.

– Det var eit vedtak som var utarbeidd av politikarane i gamle Selje kommune. Det var eit godt utarbeidd vedtak av folk som kjenner forholda og behova her, seier Andreas Rundereim i Foreldrenes arbeidsutval i Flatraket.

No har den nye storkommunen Stad arva basseng-problemet. Kommunen har rekna seg fram til at opprusting vil koste om lag 50 millionar kroner. Eit nytt basseng vil koste om lag det same, og vedtaket blei derfor lagt på is i januar i år.

– Dersom politikarane ikkje gjennomfører vedtaket kan dei like godt dele ut redningsvestar til alle førsteklassingane med logoen til Stad kommune og namna sine på, seier han og held fram:

– Så kan ungane sjå kva slags tilbod dei har fått og kven som har gjeve dei det.

Garderobane på Selje skule

LAGT PÅ IS: Planar om å rehabilitere både basseng og garderobar ved selje skule var vedteke, men no har kommunen lagt planane på is. F.v.: Andreas Rundereim, Even Elde, Nanda Maria Maack og rektor Atle Solheim.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Må krysse fylkesgrensa for å symje

Bassenget har stått tomt lengre enn dei eldste elevane ved skulen. For å kunne få symjeopplæring må elevar frå både Selje, Stadlandet og Flatraket krysse fylkesgrensa og reise til Vanylven i Møre og Romsdal.

– Det har ført til at symjeopplæringa har vore mangelfull i mange år, seier Selje-rektoren, Atle Solheim.

For elevane i Selje og Stadlandet tek det rundt 30 minutt å kome fram, medan elevane på Flatraket må bruke nærare 50 minutt.

– Det er veldig få gonger det er mogleg å få til symjing innanfor den avgrensa tidsperioden som kommunen får leige eit basseng der borte.

50 MINUTT: Elevane på Flatraket skule må bruke nærare 50 minutt til symjeopplæringa.

Lover betringar

Ordføraren i den nye storkommunen, Alfred Bjørlo (V), forstår at folk er utolmodige.

– Eg skal i alle fall love at nye Stad kommune skal handtere dette på ein langt betre måte enn kva den gamle kommunen gjorde. Men eg skjøner at folk er redde og urolege etter den dårlege historikken.

Kommunestyret gjekk over saka i førre veke. Dei lover at elevane skal få fleire symjetimar, ein million kroner skal gå til opprusting av garderobar, samt at dei i månadane som kjem skal sjå på moglegheitene for å bygge ein fleirbrukshall i Selje.

– No skal vi jobbe for få på plass eit tilstrekkeleg og tilfredsstillande symjetilbod frå og med neste skuleår, men då med bruk av andre symjehallar utanfor Selje.

Bjørlo fortel at å rehabilitere det gamle symjeanlegget er ei veldig dyr og lite tilfredsstillande løysing for framtida.